Logo
🔍

Femte Mosebok 33 N11NN

« Moses velsignar Israel

1. Dette er den velsigninga som gudsmannen Moses lyste over israelittane før han døydde:

2. Herren kom frå Sinai, frå Se'ir stråla han fram for dei. I lysglans kom han frå Paran-fjellet med heilage i titusental som strøymde fram på hans høgre side.

3. Ja, han elskar sitt folk. Alle hans heilage er i hans hand. Dei set seg ned ved dine føter og tek imot av dine ord.

4. Moses gav oss ei lov, ein eigedom for Jakobs forsamling.

5. Det stod fram ein konge i Jesjurun då hovdingane i folket kom saman med stammane i Israel.

6. Måtte Ruben leva og aldri døy ut, måtte mennene hans bli talrike!

7. Dette gjeld Juda. Han sa: Herre, høyr ropa frå Juda og lat han koma til folket sitt! Med hendene strider han for det. Ver hans hjelp mot fiendane!

8. Om Levi sa han: Dine tummim og urim skal vera hos din trufaste mann, han som du sette på prøve ved Massa og stridde mot ved Meriba-kjelda.

9. Han sa om far sin og mor si: «Eg har aldri sett dei.» Han kjendest ikkje ved sine brør og ville ikkje vita av sine born. For dei tok vare på ditt ord og verna om di pakt.

10. Dei skal læra Jakob dine bod og Israel di lov. Dei skal bera fram røykjelse til din nase og heiloffer på ditt altar.

11. Herre, velsigna hans kraft og ta vel imot verket frå hans hender! Knus hoftene på hans motstandarar og fiendar så dei aldri reiser seg meir!

12. Om Benjamin sa han: Herrens kjære ven bur trygt og sikkert. Herren vernar han heile dagen, mellom skuldrene hans får han bu.

13. Om Josef sa han: Måtte Herren velsigna hans land med det beste frå himmelen, med dogg, og frå havdjupet som ligg der nede,

14. med den finaste avling som mognast i sol, og det beste som gror medan månen skifter,

15. med det gjævaste frå dei eldgamle fjell, det aller beste frå dei evige høgder,

16. med alt godt som fyller jorda, og med velvilje frå han som budde i klungeren. Lat dette koma over Josefs hovud, over issen på han som er fyrste blant sine brør.

17. Staseleg er hans førstefødde okse, han har horn som ein villokse; med dei kan han stanga folka ned heilt til endane av jorda. Dette er Efraim i titusental, dei tusen på tusen menn av Manasse.

18. Om Sebulon sa han: Gled deg, Sebulon, når du dreg ut, gled deg, Jissakar, i dine telt!

19. Dei bed folka koma til fjellet, der ber dei fram rette offer. Dei syg til seg rikdom frå havet og skattar gøymde i sanden.

20. Om Gad sa han: Velsigna er han som lèt Gad få rom! Som ei løvinne er Gad der han bur. Han riv sund både arm og hovud.

21. Han såg seg ut den beste delen, der fekk han lott som ein æra herskar. Når hovdingane i folket kom saman, sette han i verk Herrens rettferd og hans dommar i Israel.

22. Om Dan sa han: Dan er ein løveunge som spring fram frå Basan.

23. Om Naftali sa han: Naftali er metta med Herrens velvilje og fylt av hans velsigning. Han tek land i vest og sør.

24. Om Asjer sa han: Mest velsigna blant søner er Asjer. Han skal vera elska av brørne sine og dyppa foten sin i olje.

25. Bommane dine skal vera av jern og bronse. Som dine dagar er, skal din styrke vera.

26. Ingen er som Jesjuruns Gud. Han rid fram over himmelen for å koma deg til hjelp, rid på skyene i sitt velde.

27. Ein bustad er den eldgamle Gud, her nede er hans evige armar. Han dreiv fienden bort for deg og sa: «Rydd ut!»

28. Sidan bur Israel trygt, Jakobs kjelde har fred i eit land med korn og ny vin, der dogga dryp frå himmelen.

29. Sæl er du, Israel. Kven er som du? Du er eit folk som er frelst av Herren, ditt vernande skjold og ditt sigrande sverd. Dine fiendar skal krypa for deg medan du skrid fram over høgdene deira.

»