Forkynneren 1 N11NN
1. Ord av Forkynnaren, son til David og konge i Jerusalem.
2. Fåfengt, seier Forkynnaren, fåfengt og forgjengeleg – alt er fåfengt!
3. Kva har mennesket att for sitt strev, for alt det strevar med under sola?
4. Slekter går, og slekter kjem, men jorda er alltid den same.
5. Sola går opp, og sola går ned, så stundar ho attende til staden ho går opp.
6. Ho skin og går mot sør, så snur ho og går mot nord, medan vinden snur og skifter og tek til med rundgangen på nytt.
7. Alle elvar renn ut i havet, men havet blir ikkje fullt; dit elvane før har runne, held dei fram med å renna.
8. Alle ting går sin strevsame gang, menneskeord strekk ikkje til. Auget blir ikkje mett av å sjå, og øyret blir ikkje fullt av å høyra.
9. Det som har hendt, skal henda igjen, og det som vart gjort, skal gjerast på nytt. Ingen ting er nytt under sola.
10. Blir det sagt om noko: «Sjå, dette er nytt», har det likevel hendt i tidlegare tider, lenge før oss.
Å gjeta vinden11. Ingen minnest det som hende før. Og det som skal koma, vil heller ingen hugsa i slektene som følgjer.
12. Eg, Forkynnaren, var konge over Israel, i Jerusalem.
13. Eg la meg på hjartet å undersøkja og granska med visdom alt som blir gjort under himmelen. Det er eit vondt strev Gud har gjeve menneska å plaga seg med.
14. Eg såg på kvar gjerning som blir gjord under sola. Sjå, alt er like fåfengt som å gjeta vinden!
15. Det som er kroket, kan ingen retta opp. Det som manglar, kan ingen telja.
16. I hjartet mitt sa eg: Sjå, eg har vunne større visdom enn nokon som har styrt i Jerusalem før meg. Mykje har eg lært å kjenna av visdom og kunnskap.
17. Eg la meg på hjartet å læra kva som er visdom, og kva som er dårskap og uforstand. Men eg fann at det òg var som å gjeta vinden.
18. For med stor visdom følgjer mange sorger. Den som aukar sin kunnskap, aukar si smerte.