Logo
🔍

Forkynneren 1 N78NN

Alt er fåfengd

1. Ord av Forkynnaren, son til David, konge i Jerusalem.

2. Berre fåfengd, ¬seier Forkynnaren, berre ideleg fåfengd!

3. Kva vinning har mennesket ¬av alt sitt strev, som det møder seg med ¬under sola?

4. Ætter går, og ætter kjem, men jorda står alltid ved lag.

5. Sola renn, og sola glader, så skundar ho seg attende til staden der ho går opp.

6. Vinden blæs mot sør, så snur han mot nord; støtt snur og skifter han og tek atter til ¬på same rundgang.

7. Alle elvar renn ut i havet, men havet vert ikkje fullt; dit elvane før har runne, held dei fram med å renna.

8. Mannen trøytnar av å tala og får ikkje sagt det han vil. Auga vert ikkje mett av å sjå, og øyra får aldri nok ¬av å høyra.

9. Det som var, skal alltid vera, og det som hende, ¬skal atter henda. Det finst ingenting nytt ¬under sola.

10. Vert det sagt om eitkvart: ¬«Sjå, dette er nytt», har det likevel funnest før, alt ifrå eldgamal tid.

Forkynnaren vil granska livet

11. Ingen tenkjer på ætter ¬som var; og ætter som ein gong kjem, vil heller ikkje leva i minnet hjå dei som sidan fylgjer.

12. Eg, Forkynnaren, var konge over Israel, i Jerusalem.

13. Eg sette meg føre å granska og ransaka med visdom alt det som hender ¬under himmelen. Det er eit plagsamt strev Gud har gjeve menneska.

14. Eg såg på alt det som hender, og det som vert gjort ¬under sola. Sjå, alt er fåfengd ¬og jag etter vind.

15. Det som er kroket, ¬kan ikkje beinkast, og det som vantar, ¬kan ikkje teljast.

16. Eg tenkte med meg: Sjå, eg har fått større ¬og rikare visdom enn alle dei som har styrt i Jerusalem før meg. Mykje har eg røynt ¬av visdom og kunnskap.

17. Eg la vinn på ¬å læra visdom å kjenna, å få kjennskap ¬til vitløyse og dårskap. Men eg fann at det òg ¬er jag etter vind.

18. For med stor visdom ¬fylgjer mange suter. Den som aukar sin kunnskap, ¬aukar si kvide.

»