Logo
🔍

Forkynneren 10 N78NN

« Ordtak om visdom og dårskap

1. Når ein lagar salve, ¬kan daude fluger få oljen til å lukta og gjæra. Litt dårskap veg meir ¬enn visdom og ære.

2. Vismanns hug ¬står til det som er rett, dårens hug ¬til det som er rangt.

3. Jamvel når dåren ferdast ¬på gata, vantar han vit. Han lèt alle sjå ¬at han er dum.

4. Om styresmannen harmast ¬på deg, skal du ikkje gå frå din plass; for sinnsro ¬kan hindra store synder.

5. Ein uting har eg sett ¬under sola, eit mistak av den ¬som har makta:

6. at dårar kjem i høgsetet, medan rikfolk må sitja nedst.

7. Eg har sett trælar ¬ri på hestar, medan stormenn ¬gjekk til fots som trælar.

8. Den som grev ei grav, ¬kan sjølv detta nedi; den som riv ein mur, ¬kan ormen bita.

9. Den som bryt stein, ¬kan få mein av det. Den som høgg ved, ¬kan koma i fare.

10. Når øksa ikkje bit ¬og egga er uslipt, må ein bruka di større kraft. Den vise har større von ¬om å lukkast.

Ver varsam i tale!

11. Når ein mann vert biten ¬av ein orm før maningsordet er sagt, kva gagn har han då ¬av si kunst?

12. Den vise vinn velvilje med orda han talar, men dårens lipper ¬skader han sjølv.

13. Dei fyrste ord frå hans munn ¬er dårskap, og det siste han seier, ¬er reine galskapen.

14. Dåren brukar mange ord; men ingen veit ¬kva som skal henda. Kven kan fortelja mannen kva som skal koma ¬når han er borte?

15. Dåren masar så han vert trøytt, han som ikkje eingong veit ¬vegen til byen.

16. Ve deg, land ¬som har eit barn til konge og stormenn som held gilde ¬frå morgonen av.

17. Sælt er du land som har ein høgætta konge og stormenn ¬som held måltid i rette tid, sterke menn som ikkje drikk.

18. Når latskapen rår, ¬sig bjelkane ned, og sit ein med hendene ¬i fanget, dryp det inn i huset.

19. Folk held gjestebod ¬for å moroa seg, og vinen gjev glede i livet. Alt dette kan ein få for pengar.

20. Ikkje eingong i tankane skal du forbanna kongen. Jamvel ikkje i ditt soverom må du forbanna den rike. For himmelens fuglar ¬ber lyden av stad, dei som har venger, ¬fortel kva du har sagt.

»