Logo
🔍

Forkynneren 12 N78NN

« Tenk på din skapar!

1. Tenk på din skapar ¬i ungdoms år, før dei vonde dagane kjem, før det lid til dei år ¬då du må seia: «Eg likar dei ikkje,»

2. før solljos og måne ¬og stjerner mørkjest, og skyene kjem att ¬etter regnet.

3. Då skjelv dei som vaktar huset, og dei sterke mennene ¬krøkjest. Dei som mel på kverna, ¬held opp med sitt arbeid, fordi dei har vorte så få; og dei som ser ut ¬gjennom gluggane, dimmest.

4. Begge gatedørene vert ¬stengde, og kvernduren er døyvd; fuglekvitringa tagnar, og alle songmøyane ¬vert lågmælte.

5. Då syter ein for kvar bakke, og skræmsler lurer på vegen. Mandeltreet blømer, grashoppa slepar seg fram, og kapersen misser si kraft. For mennesket går ¬til sin evige bustad; dei som skal gråta, ¬ventar på gata.

6. Ja, tenk på din skapar før sølvsnora slitnar ¬og gullskåla brest, før krukka går sund ¬attmed kjelda, og hjulet brotnar ¬og fell i brunnen,

7. før støvet vender attende ¬til jorda, og ånda går til Gud, ¬som gav henne.

Ordtaka åt Forkynnaren

8. Berre ideleg fåfengd, ¬seier Forkynnaren; alt er fåfengd!

9. Forkynnaren var ein vismann, og han gav folket kunnskap. Han grunda og granska og laga mange ordtak.

10. Forkynnaren la vinn på å finna gode ord og vendingar og skreiv ned det som er rett og sant.

11. Ord av vismenn ¬er som broddar, fyndord i samling ¬trengjer inn som naglar. Dei kjem frå ein ¬og same hyrdingen.

12. Men elles, son min, ¬lat deg åtvara! Det er ingen ende ¬på all bokskrivinga, og mykje gransking ¬leitar på kroppen.

13. Til sist ¬kan alt samlast i dette: Ottast Gud, og hald hans bod! Det bør alle menneske gjera.

14. For Gud ¬skal døma kvar gjerning, halda dom over alt ¬som er løynt, anten det er godt eller vondt.