Logo
🔍

Forkynneren 4 N78NN

« Urett i samfunnet

1. Atter såg eg ¬på alle dei valdsverk som vert gjorde under sola. Eg såg tårene renna ¬på dei som vart trælka, og ingen trøysta dei. Valdsmennene bruka makt, og ingen trøysta.

2. Då prisa eg dei døde sæle, dei som var borte ¬for lenge sidan. Dei er betre farne ¬enn dei levande, enn dei som enno er i live.

3. Men sælare enn begge er dei som aldri har levt ¬og sett dei vonde verk som vert gjorde under sola.

4. Eg såg at alt strev ¬og all dugleik kjem av at den eine ¬misunner den andre. Det òg er fåfengd ¬og jag etter vind.

5. Dåren legg hendene i fanget og tærer på sitt eige hold.

6. Det er betre å ha litt i neven og få leva i ro enn å ha begge hendene fulle og streva og jaga etter vind.

7. Og endå meir fåfengd vart eg var under sola.

Det er betre å vera to enn ein

8. Ein mann ¬står stundom heilt åleine, utan son eller bror, og likevel er det ingen ende på alt hans strev; han ser seg ikkje mett ¬på rikdom. «Kven er det eg strevar for så eg nektar meg sjølv ¬alt godt?» Det òg er fåfengd ¬og vondt slit.

9. Det er betre å vera to ¬enn ein, dei får god løn for sitt strev.

10. For om dei dett, kan den eine reisa opp den andre. Men stakkars den som er ¬åleine! Når han dett, har han ingen til å reisa seg opp.

11. Når to ligg saman, ¬vert dei varme, men korleis kan den einslege ¬verta varm?

Livet er omskifteleg

12. Om nokon vinn over ¬den som er åleine, vil to kunna stå seg mot han. Ein tretvinna tråd ¬slitnar ikkje så snart.

13. Ein ungdom som er fattig, ¬men klok, er betre faren enn ein konge som er gamal og dum og ikkje har vit ¬til å ta imot råd.

14. Ein som kom ut or fengslet, vart teken til konge, endå han vart fødd i fattigdom medan ein annan styrte.

15. Eg såg korleis alle menneske som ferdast ikring under sola, gav seg i lag ¬med den unge mannen som skulle koma ¬i kongens stad.

Ver ikkje for snar med munnen!

16. Det var ingen ende ¬på alt det folket som han vart førar for. Men dei som kjem etter, bryr seg ikkje lenger om han. Det òg er fåfengd ¬og jag etter vind.

17. Akta foten din ¬når du går til Guds hus! Det er betre ¬at du kjem dit og høyrer enn at dårar ber fram offer; for uvitande er dei ¬og gjer det vonde.

»