Logo
🔍

Forkynneren 5 N78NN

«

1. Ver ikkje for snar ¬med munnen, og lat ikkje hjarta ¬forhasta seg når du vil tala eit ord ¬for Guds åsyn. For Gud er i himmelen ¬og du på jorda, lat difor orda dine vera få!

2. Med hardt slit fylgjer draumar og med mange ord ¬dumt snakk.

3. Når du gjev Gud ein lovnad, så dryg ikkje med å halda han. For Gud bryr seg ikkje ¬om dårar. Gjer det du lovar!

4. Det er betre at du inkje lovar, enn at du lovar ¬og ikkje held ord.

5. Lat ikkje munnen ¬føra skuld over deg, og sei ikkje til Guds sendebod: «Eg gjorde det av vanvare.» Kvifor vil du harma Gud ¬med det du seier, så han øydelegg ¬det du har gjort?

Rikdom kan verta til ulukke

6. Med mange draumar ¬og mange ord fylgjer mykje fåfengd. Men du skal ha age for Gud.

7. Ser du ¬at fattigfolk vert trælka, at rett og rettferd ¬krenkjest i landet, så undrast ikkje over det! Éi styremakt ¬vaktar på den andre, og over dei begge står ein ¬som er høgare.

8. Det er alltid ein føremon at landet har ein konge som syter for at jorda ¬vert dyrka.

9. Den som er glad i pengar, får aldri nok av dei, og den som elskar rikdom, får aldri vinning nok. Det òg er fåfengd.

10. Når godset aukar, skal fleire leva av det. Og kva anna gagn ¬har eigaren av det enn at han får sjå det?

11. Ein arbeidsmann kan ¬sova godt anten han har lite ¬eller mykje å eta. Den rike et seg mett, men får ikkje ro til å sova.

12. Det finst noko syrgjeleg vondt som eg har sett under sola: Rikdom som vel er gøymd, kan verta til ulukke for ¬eigaren.

13. Går rikdomen tapt ¬ved eit uhell, og den rike har fått ein son, vert det ingenting att til han.

14. Så som han kom frå mors liv, så naken som han kom, ¬skal han gå bort. Han har ingenting att ¬for sitt strev, ingen ting ¬som han kan ta med seg.

15. Det òg er syrgjeleg vondt: Nett som han kom, ¬må han gå herifrå. Kva vinning har han då av sitt strev ¬og sitt jag etter vind?

16. Ja, alle dagar må han eta sitt brød i mørker, sorgfull, sjuk og harm.

17. Høyr no kva eg har funne: Det likaste ¬eit menneske kan gjera, er å eta og drikka ¬og ha det godt midt i alt strev og slit ¬under sola, den korte tida Gud lèt det leva. Det er den lut ¬som mennesket har fått.

18. Når Gud lèt ein mann ¬få rikdom og gods og gjev han lov til å nyta det, så han kan ta sin del og gleda seg midt i sitt strev, då er det ei gåve frå Gud.

19. Då tenkjer ikkje mannen ¬mykje på sitt liv, for Gud gjev han glede ¬i hjarta.

»