Logo
🔍

Forkynneren 6 N78NN

« Rikdom gjer ingen nøgd

1. Ei ulukke har eg sett ¬under sola, ho kviler tungt på menneska:

2. Det hender ¬at Gud gjev ein mann både rikdom og gods og ære, så han ikkje vantar noko av alt det han ynskjer seg. Men Gud lèt han ikkje nyta ¬godt av det, ein framand et det opp. Det er meiningslaust, ¬beiskt og vondt.

3. Ein mann kan få hundre born og leva i mange år. Men har han ikkje glede ¬av alt det gode, kor lenge han lever, og får han heller ikkje ¬ei grav, då vil eg seia: «Eit ufullbore foster ¬er betre fare enn han.»

4. For det kjem livlaust ¬til verda, i mørker går det bort, og i mørker ¬får det namnet sitt løynt.

5. Det har ikkje sett dagsens ljos og kjenner ikkje sola. Likevel kviler det betre ¬enn han,

6. om han så hadde levt i to gonger tusen år, men ikkje fått røyna lukka. Fer ikkje alle til same staden?

7. Mennesket strevar berre ¬for maten, men det får aldri ¬stetta sin trong.

8. Kva føremon ¬har den vise framfor dåren? Kva hjelper det ein stakkar ¬å vita korleis han skal ferdast ¬i livet?

Kven veit kva som er best?

9. Det er betre å sjå ¬på det ein har, enn å gå der ¬med hug på noko anna. Det òg er fåfengd ¬og jag etter vind.

10. Alt som er til, er nemnt med namn ¬for lenge sidan; og det er føreåt kjent ¬kva eit menneske skal verta. Ingen kan føra sak mot den som er sterkare ¬enn han sjølv.

11. For di fleire ord, ¬di større fåfengd, og kva gagn har mennesket ¬av det?

12. Ja, kven veit kva som er best for menneska her i livet, alle dei fåfengde dagane dei lever som ein skugge? Kven kan fortelja menneska kva som skal henda etter dei ¬under sola?

»