Logo
🔍

Forkynneren 7 N78NN

« Kva er visdom?

1. Godt namn er betre ¬enn god salve, dødsdagen betre enn ¬fødedagen.

2. Betre enn å gå i gjestebod er det å gå til syrgjehus. For der endar alle menneske, det skal dei leggja seg ¬på hjarta, dei som lever.

3. Sorg er betre enn lått; for om andletet er sorgfullt, kan hjarta vera fylt av glede.

4. Dei vise har hjarta sitt ¬i syrgjehuset, men hjarta åt dårar ¬er i gledehuset.

5. Det er betre å høyra skjenn ¬av ein vismann enn å lyda på song av dårar.

6. Som klungerris sprakar ¬under gryta, så er det når dåren ler. Det òg er fåfengd.

7. Den vise som fer hardt fram, gjer seg sjølv til narr; den som lèt seg kjøpa, øydelegg seg sjølv.

8. Betre er enden på ein ting ¬enn opphavet. Tolmod er betre enn hovmod.

9. Ver ikkje for snar ¬til å harmast, for harmen ¬bur i barmen på dårar.

10. Du skal ikkje seia: ¬Kva kjem det av at alt var betre ¬i gamle dagar enn no? Du spør ikkje så om du er klok.

11. Visdom er jamgod med arv, ei vinning for dei ¬som ser dagsens ljos.

12. Å vera i skuggen av visdomen er som å ha pengar til vern, og føremonen med kunnskap er at visdom ¬held sin mann i live.

13. Sjå på det som Gud har gjort! Kven kan beinka ¬det han har krøkt?

Klokt måtehald

14. Ver glad når dagen er god; men er han vond, ¬skal du koma i hug at det er Gud som har skapt både den eine og den andre, så menneska ikkje skal finna ut noko om det som kjem etter.

15. Alt dette har eg sett i mine fåfengde dagar. Mang ein rettferdig mann går til grunne i si rettferd, og mang ein gudlaus får leva lenge i sin vondskap.

16. Ver ikkje altfor rettferdig, og vis deg ikkje for klok! Kvifor vil du øydeleggja deg?

17. Ver ikkje altfor gudlaus, og ver ikkje ein dåre! Kvifor vil du døy før tida?

18. Det er godt ¬at du held fast på det eine og heller ikkje slepper ¬det andre. Den som har age for Gud, finn ein utveg or dette.

19. Visdom gjer vismannen ¬sterkare enn ti mektige menn i byen.

20. Det finst ikkje eit rettferdig ¬menneske på jord, som berre gjer godt ¬og aldri syndar.

21. Bry deg heller ikkje om alt det folk seier, elles kunne du få høyra at trælen din forbannar deg.

Kven kan finna samanheng?

22. Du veit då med deg sjølv ¬at mang ein gong har du òg forbanna andre.

23. Alt dette har eg prøvt ¬med visdom. Eg sa: «Eg vil vinna visdom,» men han var langt borte ¬frå meg.

24. Det som har hendt, ¬er langt borte og djupt, djupt nede. Kven kan finna det?

25. Eg la vinn på ¬å få meg kunnskap, å granska og leita ¬etter visdom og samanheng; eg ville skjøna ¬at gudløyse er dårskap, og at dårskap er galskap.

26. Då fann eg ¬at beiskare enn døden er kvinna som spenner ¬sitt garn. Hennar hjarta er som ei snare og hendene som lekkjer. Den Gud synest om, ¬slepp ifrå henne, men den som syndar, ¬går i garnet.

27. Sjå, dette fann eg, ¬seier Forkynnaren, då eg la det eine ¬til det andre og ville finna ein samanheng.

28. Eg leita støtt, ¬men fann han ikkje. Eitt menneske fann eg ¬mellom tusen, men ikkje ei kvinne ¬mellom dei alle.

29. Sjå, dette er det einaste ¬eg har funne: Gud skapte menneska ¬som dei skulle vera, men dei finn på ¬så mangt og mykje.

»