Logo
🔍

Forkynneren 8 N78NN

« Kongens ord

1. Kven er som vismannen, kven veit å tyda ei sak? Visdomen får mannens andlet ¬til å lysa, så det strenge draget mildnast.

2. Gjer som kongen byd, for Gud har gjeve han sin eid.

3. Ver ikkje snar ¬til å gå bort frå han, og ver ikkje med ¬på ei ring sak! For kongen gjer alt ¬det han vil;

Menneske kan ikkje skjøna Guds verk

4. det står makt bak hans ord. Kven torer seia til han: ¬«Kva gjer du?»

5. Den som held bodet, vil ikkje vita av noko vondt. Den vise kjenner i sitt hjarta både tida og domen.

6. For alle ting har si tid ¬og sin dom. Det vonde menneska har gjort, kviler tungt på dei.

7. Ingen veit kva som skal henda. Kven kan seia ¬korleis det vil gå?

8. Ingen har makt over vinden, så han kan halda han att. Og ingen rår for sin dødsdag. I krig slepp ingen fri, og vondskap ¬bergar ikkje den gudlause.

9. Alt dette har eg sett. Eg har lagt merke til alt ¬som hender under sola, i ei tid då menneske ¬har makt over andre, så dei kan gjera dei skade.

10. Elles har eg sett at vonde menn vart lagde i grav ¬og gjekk til kvile, medan dei ¬som hadde gjort rett, laut fara bort ¬frå den heilage staden og vart gløymde i byen. Det òg er fåfengd.

11. Om domen over vond gjerning ikkje straks vert sett i verk, får menneska mot ¬til å gjera det vonde.

12. Hundre gonger ¬kan eit menneske synda og endå få leva lenge. Likevel veit eg at det går godt for dei som ottast Gud, dei som har age for han.

13. Men den gudlause ¬går det ikkje vel; hans liv vert kort, ¬det er som ein skugge, fordi han ikkje ottast Gud.

14. Det er noko meiningslaust som hender på jorda: Somme rettferdige ¬må bera den straff som dei gudlause fortener, og somme gudlause får den løn som dei rettferdige skulle ha. Eg seier: Det òg er fåfengd.

15. Eg har lovprist gleda, for det finst inga anna lukke for menneska her under sola enn å eta og drikka ¬og vera glade. Det fylgjer dei i strevet den tid Gud lèt dei leva ¬under sola.

16. Eg la vinn på ¬å læra visdom å kjenna og sjå på det strev og slit som menneska har på jorda; for korkje dag eller natt får dei blund på augo.

17. Då såg eg at menneska ikkje kan skjøna ¬heile Guds verk, alt det som hender under sola. Kor mykje dei strevar ¬og granskar, finn dei ikkje ut av det. Om den vise seier han veit det, skjønar han det likevel ikkje.

»