Logo
🔍

Forkynneren 9 N78NN

« Alle får same lagnaden

1. Ja, alt dette ¬la eg meg på hjarta, ville prøva ¬om rettferdige og vise og det dei gjer, ¬er i Guds hand. Inkje menneske kan vita noko om det som ligg framføre, om det er kjærleik eller hat.

2. Same lagnaden får dei alle, både rettferdige og vonde, den gode og reine ¬og den som er urein, den som ofrar, ¬og den som ikkje ofrar. Sameleis går det den gode ¬og syndaren, sameleis den som sver, og den som er redd for å sverja.

3. Det er det vonde med alt ¬som hender under sola, at alle får same lagnaden. Så lenge menneska lever, er hjarta deira fullt ¬av vondskap og vitløyse. Og sidan må dei fara ¬til dei døde.

4. Det er von for den ¬som høyrer til mellom alle dei levande. Betre å vera ¬ein levande hund enn ei daud løve.

5. Dei levande veit ¬at dei skal døy, men dei døde ¬veit ingen ting. Dei får ikkje lenger løn, for minnet om dei er gløymt.

6. Deira kjærleik og hat ¬og misunning er ende for lenge sidan. Aldri i æve skal dei få del i alt det ¬som hender under sola.

7. Så gå og et ditt brød ¬med glede, og drikk din vin ¬med godt mot! Gud har då for lenge sidan samtykt i det du gjer.

8. Lat kleda dine ¬støtt vera kvite, og lat det aldri ¬vanta olje på hovudet!

9. Nyt livet med den kvinna ¬du elskar, alle dagar i ditt fåfengde liv som Gud har gjeve deg ¬under sola. For det er din lut i livet midt i alt det strev og slit som du har under sola.

10. Alt det du kan gjera ¬med di hand, skal du gjera etter beste evne. For i dødsriket, ¬som du går til, er det korkje arbeid ¬eller plan, korkje kunnskap eller visdom.

11. Elles såg eg under sola: Det er ikkje dei lettføtte ¬som vinn laupet, og ikkje dei djerve ¬som sigrar i krig; dei vise får heller ikkje brød, dei vituge vert ikkje rike, og dei som kan noko, ¬finn ikkje velvilje. Tid og lagnad ¬møter dei alle.

Folk vanvørder fattigmanns visdom

12. For mennesket ¬kjenner ikkje si tid. Liksom fisk som er fanga ¬i det vonde garnet, eller fugl som har gått i snara, såleis vert menneska fanga ¬i ei vond tid, når ulukka ¬brått kjem over dei.

13. Eg har òg sett ¬korleis det går med visdomen her under sola, endå eg tykte han var så stor:

14. Det var ein liten by, og der budde nokre få menn. Så kom det ein mektig konge ¬mot han. Han kringsette byen og bygde store vollar mot han.

15. Det fanst der i byen ein mann som var fattig, ¬men vis. Han kunne berga byen ¬med sin visdom, men ikkje eit menneske tenkte på denne fattige mannen.

16. Då sa eg: Visdom er betre enn styrke; men folk vanvørder ¬fattigmanns visdom, og ingen høyrer ¬på det han seier.

17. Ord av vismenn ¬som høyrest i ro, er betre enn hovdings rop ¬mellom dårar.

18. Visdom er betre ¬enn krigsvåpen, men ein syndar ¬kan øydeleggja mykje godt.

»