Efeserbrevet 1 N11NN
1. Paulus, etter Guds vilje Kristi Jesu apostel, helsar dei heilage {{i Efesos}}, dei truande i Kristus Jesus:
Alt i Kristus2. Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!
3. Velsigna er Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i Kristus velsigna oss med all Andens velsigning i himmelen.
4. I Kristus valde han oss ut før verda vart grunnlagd, til å stå for hans andlet, heilage og utan feil. I kjærleik
5. og etter sin eigen gode vilje avgjorde han på førehand at vi skulle få rett til å vera hans born ved Jesus Kristus,
6. til lov og pris for hans herlegdom og nåde, som han så rikeleg gav oss i han som han elskar så høgt.
7. I han har vi fridomen, kjøpt med hans blod, tilgjeving for syndene. For så rik er Guds nåde,
8. som han lét strøyma over oss med all visdom og forstand,
9. då han gjorde kjent for oss sin viljes mysterium, det han gjerne ville gjera i han.
10. Han ville fullføra sin frelseplan då tida var fullmogen: å samla alt til eitt i Kristus, alt i himmelen og på jorda i han.
11. I han fekk vi òg arverett, slik det frå først var tiltenkt oss etter forsettet til han som gjennomfører alt etter sin eigen plan og vilje,
12. så vi som alt har sett vår von til Kristus, skal vera til lov og pris for hans herlegdom.
13. I han høyrde de sanningsordet, evangeliet om frelsa dykkar. I han kom de òg til tru, merkte med seglet til Anden, Den Heilage, han som var lova,
Takk og bøn14. han som er pantet på arven til Guds eige folk blir sett fri, til lov og pris for hans herlegdom.
17. Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må gje dykk visdoms og openberrings Ande, så de lærer Gud å kjenna.
18. Må han lysa opp auga til dykkar hjarte, så de får innsikt i kva håp han har kalla dykk til, kor rik og herleg arven er for dei heilage
19. og kor overveldande hans kraft er mellom oss som trur. For hans makt og styrke er veldig.
20. Med denne krafta reiste han Kristus opp frå dei døde og sette han ved Guds høgre hand i himmelen,
21. over alle makter og herredøme, over alt velde og alle som styrer, og over kvart namn som nemnast kan, ikkje berre i denne tidsalderen, men òg i den komande.
22. Alt la han under hans føter, og han som er hovudet over alle ting, har han gjeve til kyrkja,
23. som er Kristi kropp, fylt av han som fyller alt i alle.