Logo
🔍

Esters bok 10 N11NN

« Ei høg stilling for Mordekai

1. Kong Xerxes la skatt på fastlandet og på øyane i havet.

2. Alt det han gjorde i makt og velde, og historia om korleis kongen gav Mordekai høg rang, er nedskrive i krønikene til kongane i Media og Persia.

3. For jøden Mordekai var nest etter kong Xerxes i rang. Han var stor mellom jødane og godt likt av alle sine landsmenn. Han søkte det gode for folket sitt og fremja fred for alle sine etterkomarar.