Esters bok 10 N78NN
1. Kong Xerxes la skatt både på fastlandet og på øyane i havet.
2. Alt det han gjorde i si makt og sitt velde, og ei noggrann fråsegn om den høge rangen som kongen gav Mordekai, det er oppskrive i årbøkene åt kongane i Media og Persia.
3. For jøden Mordekai var nest etter kong Xerxes i makt. Han var høgt æra mellom jødane og vel lika av landsmennene sine, så mange dei var. For han sytte støtt for velferda åt folket sitt og tala til gagn for heile si ætt.