Logo
🔍

Andre Mosebok 15 N78NN

« Herren er høg og herleg

1. Då song Moses og israelittane denne lovsongen for Herren: Eg vil lovsyngja Herren, for han er høg og herleg; hest og krigar ¬støytte han i sjøen.

2. Herren er mi kraft ¬og min styrke, og han har vorte mi berging. Han er min Gud, ¬han vil eg lova, Gud åt far min, han vil eg prisa.

3. Herren er ein stridsmann, namnet hans er Herren.

4. Vognene og hæren åt farao kasta han i sjøen; i Sevsjøen drukna ¬dei gjævaste kjemper.

5. Vatnet i havdjupet gøymde dei, dei sokk i djupet som stein.

6. Di høgre hand, Herre, ¬er sterk og mektig, di høgre hand ¬knuser fiendar, Herre.

7. I ditt velde slår du ¬dine motstandarar ned; du slepper laus ¬din brennande vreide, og han øyder dei som halm.

8. For din ande ¬tårna vatnet seg opp, bylgjene stod som ein voll, og havsens straumar storkna.

9. Fienden sa: «Eg set etter ¬og når dei att, skifter ut hærfang ¬og stiller min trong ¬på dei. Eg dreg sverdet og rydjar dei ut ¬med mi hand.»

10. Du bles med din ande, og sjøen gøymde dei, dei sokk som bly ¬i det veldige vatnet.

11. Kven er som du ¬mellom gudane, Herre? Kven er som du, ¬så herleg og heilag, skræmeleg i storverk, underfull i gjerning?

12. Du rette ut di høgre hand, då slukte jorda dei.

13. I di miskunn førte du det folket du hadde løyst ut. Du leidde dei med di kraft til din heilage bustad.

14. Folka høyrde det og skalv, angst tok dei ¬som bur i Filistarland.

15. Då vart Edoms hovdingar ¬forfærde, dei mektige i Moab ¬vart gripne av redsle, alle som bur i Kanaan, ¬miste motet.

16. Angst og redsle kom over dei, ved din veldige arm ¬vart dei mållause som stein, medan folket ditt drog fram, ¬Herre, medan folket som du ¬hadde vunne, drog fram.

17. Du førte dei inn og planta dei på fjellet som er din eigedom, på den staden du har gjort ¬til din bustad, Herre, heilagdomen ¬som du har grunnlagt med dine hender, Herre.

18. Herren er konge evig og alltid.

19. Då hestane åt farao fór ut i sjøen med vogner og menn, lét Herren vatnet fløda i hop over dei. Men israelittane gjekk gjennom sjøen på turre botnen.

20. Så tok profetkvinna Mirjam, syster til Aron, ei tromme i handa, og alle kvinnene fylgde etter henne, slo på tromme og dansa.

21. Mirjam song føre: «Lovsyng Herren, for han er høg og herleg! Hest og krigar ¬støytte han i sjøen.»

22. Så førte Moses Israel bort frå Sevsjøen, og dei kom ut i Sjur-øydemarka. Tre dagar drog dei fram gjennom øydemarka utan å finna vatn.

23. Og dei kom til Mara; men dei kunne ikkje drikka vatnet i Mara fordi det var beiskt. Difor heitte staden Mara.

24. Og folket murra mot Moses og sa: «Kva skal vi drikka?»

25. Då ropa han til Herren, og Herren synte han eit tre. Det kasta han i vatnet, og vatnet vart godt. I Mara sette han lov og rett for folket, og der prøvde han dei.

26. Han sa: «Dersom du høyrer på røysta åt Herren din Gud og gjer det som rett er i hans augo, dersom du aktar på boda hans og held alle føresegnene hans, så skal eg spara deg for alle dei sjukdomane som eg la på egyptarane. For eg er Herren, lækjaren din.»

27. Sidan kom dei til Elim. Der var det tolv kjelder og sytti palmetre. Og dei slo leir der attmed vatnet.

»