Andre Mosebok 29 N78NN
1. Såleis skal du gjera når du vier dei til presteteneste for meg: Du skal ta ein ung okse og to lytelause verar,
2. og så usyrt brød, usyrte kaker med olje i, og usyrte brødleivar, smurde med olje. Alt dette skal du laga av kveitemjøl.
3. Du skal leggja det i ei korg, og så skal du bera det fram i korga og leia fram oksen og dei to verane.
4. Aron og sønene hans skal du kalla bort til møteteltdøra og vaska dei med vatn.
5. Du skal ta kledebunaden og kle Aron med kjortelen, kappa, efoden og brystduken, binda om han beltet på efoden,
6. setja hua på hovudet hans og festa det heilage diademet på hua.
7. Og du skal ta salvingsoljen og hella ut over hovudet hans og salva han.
8. Så skal du føra fram sønene hans og ha på dei kjortlane,
9. spenna beltet om dei, liksom om Aron, og binda dei høge huene på dei. Og sidan skal dei ha retten til prestedømet i all æve. Når du set inn Aron og sønene hans,
10. skal du leia oksen fram til møteteltet, og Aron og sønene hans skal leggja hendene på hovudet åt oksen.
11. Du skal slakta oksen for Herrens åsyn innmed møteteltdøra.
12. Og du skal ta noko av blodet og stryka på altarhorna med fingeren. Det som er att av blodet, skal du hella ut nedmed altarfoten.
13. Alt feittet på innvolen og leverlappen, og begge nyrene med talga som er på dei, skal du brenna på altaret.
14. Men kjøtet av oksen og skinnet og mageinnhaldet skal du brenna opp utanfor leiren. Det er eit syndoffer.
15. Så skal du ta den eine veren, og Aron og sønene hans skal leggja hendene på hovudet åt veren.
16. Du skal slakta han og ta blodet og skvetta det rundt ikring på altaret.
17. Sjølve veren skal du lema sund. Innvolen og føtene skal du vaska og leggja oppå stykka og hovudet.
18. Du skal brenna heile veren på altaret. Det er eit brennoffer for Herren. Eit eldoffer til godange for Herren er det.
19. Så skal du ta den andre veren, og Aron og sønene hans skal leggja hendene på hovudet åt veren.
20. Du skal slakta han og ta noko av blodet og stryka på Aron og sønene hans, på høgre øyresnippen, høgre tommelfingeren og høgre stortåa. Resten av blodet skal du skvetta rundt ikring på altaret.
21. Og du skal ta noko av blodet på altaret og noko av salvingsoljen og skvetta på Aron og kleda hans, og like eins på sønene hans og kleda deira. Då vert han heilag, han sjølv og kleda hans, og like eins sønene hans og kleda deira.
22. Så skal du ta det feitaste av veren, halen, feittet på innvolen, leverlappen, begge nyrene med talga som er på dei, og det høgre låret. For dette er ein vigslingsver.
23. Or korga med usyrt brød som står for Herrens åsyn, skal du ta eit rundt brød, ei oljekake og ein brødleiv.
24. Alt dette skal du leggja i hendene på Aron og sønene hans og la dei svinga det for Herrens åsyn.
25. Du skal ta det or hendene deira og brenna det på altaret saman med brennofferet til godange for Herren. Det er eit eldoffer for Herren.
26. Så skal du ta brystet av vigslingsveren åt Aron og svinga det for Herrens åsyn. Det skal vera din del.
27. Brystet som vert svinga og låret som vert gjeve i avgift av vigslingsveren åt Aron og sønene hans, skal du lysa heilagt.
28. Den retten skal Aron og sønene hans ha hjå israelittane til evig tid. For det er ei gåve, ei gåve som israelittane skal gje av måltidsoffera sine, ei gåve frå dei til Herren.
29. Den heilage kledebunaden åt Aron skal sønene hans arva. Den skal dei ha på seg når dei vert salva og innsette.
30. Den av sønene hans som vert prest etter han, og som skal gå inn i møteteltet og gjera teneste i heilagdomen, skal bera denne bunaden i sju dagar.
31. Du skal ta vigslingsveren og koka kjøtet på ein heilag stad.
32. Og Aron og sønene hans skal eta kjøtet av veren og brødet i korga innmed møteteltdøra.
33. Dei skal eta dette soningsofferet, som vert frambore for dei når dei vert innsette til prestar og vigde. Ingen annan må eta av det; for det er heilagt.
34. Og vert noko av det vigsla kjøtet og av brødet liggjande til morgons, skal du brenna det. Det må ikkje etast, for det er heilagt.
35. Såleis skal du gjera med Aron og sønene hans, heilt og fullt som eg har sagt deg føre. Sju dagar skal vigsla vara.
36. Kvar dag skal du ofra ein okse til syndoffer og soning. Du skal reinsa altaret for synd når du gjer soning for det, og du skal salva det, så det vert heilagt.
Det daglege offeret37. Sju dagar skal du gjera soning for altaret og vigsla det. Då skal altaret vera høgheilagt. Kvar den som kjem nær det, vert heilag.
38. Dette skal du alltid ofra på altaret: to årsgamle lam kvar dag.
39. Det eine lammet skal du ofra om morgonen og det andre om kvelden, straks etter soleglad.
40. Saman med det fyrste lammet skal du ofra ein tiandedels efa kveitemjøl, blanda med ein fjerdedels hin olje av knust oliven, og til drikkoffer ein fjerdedels hin vin.
41. Det andre lammet skal du ofra om kvelden, straks etter soleglad. Med same slag grødeoffer og drikkoffer som om morgonen skal du ofra det, eit eldoffer til godange for Herren.
42. Det er det daglege brennofferet som etterkomarane dykkar skal bera fram for Herrens åsyn innmed møteteltdøra, der eg vil møtast med dykk og tala til deg.
43. Der vil eg møta israelittane, og teltet skal helgast av herlegdomen min.
44. Både møteteltet og altaret vil eg helga; og Aron og sønene hans vil eg vigsla, så dei kan vera prestar for meg.
45. Eg vil bu midt imellom israelittane og vera deira Gud.
46. Dei skal få kjenna at eg er Herren deira Gud, som førte dei ut or Egypt og vil bu mellom dei. Eg er Herren deira Gud.