Andre Mosebok 35 N78NN
1. Moses kalla saman heile Israels-lyden og sa til dei: Dette er det som Herren har sagt at de skal gjera:
2. Seks dagar skal de arbeida, men den sjuande dagen skal de halda sabbat, heilag sabbat for Herren. Kvar den som då gjer noko arbeid, skal lata livet.
Gåver til heilagdomen3. Ingen av dykk må kveikja opp eld i huset sitt på sabbatsdagen.
4. Moses tala til heile Israels-lyden: Dette påbodet har Herren gjeve:
5. Ta ut ei gåve til Herren av det som de eig! Alle som gjer det av eit viljug hjarta, skal koma til Herren med gåva: gull, sølv og bronse,
6. fiolett, purpurraud og karmosinraud ull, fint lin og geiteragg,
7. raudleta verskinn, delfinskinn og akasietre,
8. olje til ljosestaken, balsam til salvingsoljen og til den velluktande røykjelsen,
9. karneol og andre dyre steinar til å setja på efoden og brystduken.
10. Alle dei av dykk som har givnad for kunst og handverk, skal koma og laga alt det som Herren har sagt:
11. heilagdomen, både teltet og taket, med krokar og plankar, tverrstenger, stolpar og fotstykke,
12. paktkista med stenger, soningsstaden og forhengsteppet,
13. bordet med stengene og alt som høyrer til, og skodebrøda,
14. ljosestaken med det som høyrer til, og lampene og oljen til ljosestaken,
15. røykjelsesaltaret med stenger, salvingsoljen, den velluktande røykjelsen og teppet framfor døra som fører inn i heilagdomen,
16. brennofferaltaret med bronsegitteret, stengene og alt som høyrer til, vaskekaret med fotstykke,
17. omhenga til føregarden med stolpar og fotstykke, teppet til føregardsporten,
18. pluggane og snorene til heilagdomen og føregarden,
19. embetsskrudet til tenesta i heilagdomen, den heilage kledebunaden åt Aron, presten, og kleda åt sønene hans til prestetenesta.
20. Så gjekk heile Israels-lyden bort frå Moses.
21. Sidan kom dei, alle som kjende seg drivne til det, alle som kjende trong til det, og bar fram gåver for Herren til arbeidet på møteteltet og til all tenesta der og til dei heilage kleda.
22. Dei kom, både menn og kvinner, alle som gjerne ville ofra, med spenner, øyreringar, fingerringar og halskjeder, alle slag saker av gull. Alle kom dei med den gåva av gull som dei ville via til Herren.
23. Og alle som hadde fiolett, purpurraud og karmosinraud ull, fint lin og geiteragg, raudleta verskinn og delfinskinn, kom med det.
24. Alle som ville gje ei gåve av sølv eller bronse, kom med gåva til Herren, og alle som hadde akasietre, kom med det til alt byggjearbeidet.
25. Alle kvinner som skjøna seg på spinning, tok fatt og kom med det dei hadde spunne: fiolett, purpurraudt og karmosinraudt ullgarn og fint lingarn.
26. Og alle kvinner som hadde evner til det og kjende seg drivne til det, spann geiteragget.
27. Leiarane bar fram karneol og andre dyre steinar til å setja på efoden og brystduken,
28. og balsam og olje til ljosestaken, salvingsoljen og den velluktande røykjelsen.
Handverkarane får oppdraget29. Kvar mann og kvinne mellom israelittane som kjende trong til å gje noko til det store arbeidet som Herren gjennom Moses hadde sett dei til å gjera, dei kom med det, ei friviljug gåve til Herren.
30. Moses sa til israelittane: Herren har kalla Besalel, son til Uri Hursson, av Juda-ætta
31. og fylt han med ånd frå Gud, med visdom, skjøn og kunnskap og med evne til alle slag handverk,
32. så han kan tenkja ut og laga kunstverk i gull, sølv eller bronse,
33. slipa steinar som skal fellast inn, skjera ut i tre og gjera alle slag kunsthandverk.
34. Gåve til å læra frå seg har Herren gjeve både han og Oholiab, son til Akisamak, av Dans-ætta.
35. Han har rusta dei ut med evne til å gjera alle slag treskurd, kunstvevnad, mangleta vevnad med fiolett, purpurraudt og karmosinraudt ullgarn og fint lingarn, og vanleg vevnad. Dei skal tenkja ut og laga alle slag kunstverk.