Andre Mosebok 37 N78NN
1. Besalel laga paktkista av akasietre. Ho var to og ei halv alen lang, halvanna alen brei og halvanna alen høg.
2. Han kledde henne med reint gull både innvendes og utvendes og sette ein gullkant ikring henne.
3. Han støypte fire gullringar til dei fire føtene på kista, to på kvar side.
4. Så laga han stenger av akasietre, kledde dei med gull
5. og smøygde dei inn i ringane på sidene av kista, så ho kunne berast.
6. Han laga til soningsstaden, som var av reint gull, to og ei halv alen lang og halvanna alen brei.
7. På endane av soningsstaden sette han to kjerubar som han hadde laga av hamra gull,
8. ein kjerub på den eine sida og ein på den andre. Han laga dei så at dei gjekk i eitt med endane på soningsstaden.
Skodebrødsbordet9. Kjerubane heldt vengene utbreidde og lyfte, så dei tekte over og verna soningsstaden med vengene sine. Dei var vende mot kvarandre, med andletet mot soningsstaden.
10. Bordet laga han av akasietre. Det var to alner langt, ei alen breitt og halvanna alen høgt.
11. Han kledde det med reint gull og sette på det ein gullkant som gjekk heilt rundt.
12. Til bordet laga han ei list. Ho var brei som ei hand og gjekk heilt ikring. Rundt lista laga han ein gullkant.
13. Han støypte fire gullringar til bordet og feste dei i dei fire hjørna på dei fire føtene.
14. Tett attmed lista sat ringane. Dei var til å smøya berestenger inn i.
15. Stengene laga han av akasietre og kledde dei med gull. Med dei skulle bordet berast.
Ljosestaken16. Av reint gull laga han dei kara som skulle stå på bordet, fata og skålene, og dei bollane og kannene som skulle brukast til drikkofferet.
17. Ljosestaken laga han av reint gull. Hamra arbeid var det, både foten og sjølve staken. Skålene på staken og knuppane og blomane gjekk i eitt med han.
18. Seks armar gjekk ut frå ljosestaken, tre på den eine sida og tre på den andre.
19. På den eine armen var det tre beger med knuppar og blomar og på den andre tre beger med knuppar og blomar. Begera var på skap som ein mandelblom. Såleis var det på alle dei seks armane som gjekk ut frå ljosestaken.
20. På sjølve staken var det fire beger med knuppar og blomar. Dei var på skap som ein mandelblom.
21. Det var ein knupp under det fyrste armparet, ein under det andre og ein under det tredje. Knuppane gjekk i eitt med staken. Det var ein knupp under kvart par av dei seks armane som gjekk ut frå ljosestaken.
22. Knuppane og armane gjekk i eitt med staken. Heile ljosestaken var eitt einaste stykke hamra arbeid og av reint gull.
23. Han laga dei sju lampene til ljosestaken og ljosesaksene og pannene av reint gull.
Røykjelsesaltaret24. Ein talent reint gull bruka han til ljosestaken og alle dei reiskapane som høyrde til.
25. Røykjelsesaltaret laga han av akasietre. Det var ei alen langt, ei alen breitt, firkanta og to alner høgt. Horna på altaret gjekk i eitt med det.
26. Han kledde det med reint gull både ovanpå og på sidene og på horna, og laga ein gullkant på det heilt ikring.
27. På begge sidene sette han to gullringar nedanfor kanten, to på kvar side. Dei skulle vera til å smøya stenger inn i, så altaret kunne berast.
28. Stengene laga han av akasietre og kledde dei med gull.
29. Og han laga den heilage salvingsoljen og den reine, velluktande røykjelsen, så som salveblandarane gjer det.