Logo
🔍

Andre Mosebok 39 N78NN

« Presteskrudet

1. Av den fiolette, purpurraude og karmosinraude ulla laga dei embetsskrudet til tenesta i heilagdomen. Dei laga dei heilage kleda til Aron, så som Herren hadde sagt Moses føre.

2. Efoden laga dei av gull, fiolett, purpurraud og karmosinraud ull og fint, tvinna lingarn.

3. Gullet hamra dei ut i plater og skar det opp til tråd, så det kunne vevast inn i det fiolette, purpurraude og karmosinraude ullgarnet og i det fine lingarnet, med kunstvevnad.

4. Til efoden laga dei aksleband som var feste i hjørna og heldt han i hop.

5. Beltet som han skulle spennast fast med, vov dei på same måten som efoden, og i eitt med han. Det var av gull, fiolett, purpurraud og karmosinraud ull og fint, tvinna lingarn, så som Herren hadde sagt Moses føre.

6. Dei sette karneol-steinane inn i flettverk av gulltråd. På dei var namna åt Israels-sønene inngravne liksom på eit signet.

7. Dei sette dei på akslebanda åt efoden, så dei skulle minna Herren om Israels-sønene, så som han hadde sagt Moses føre.

8. Dei laga brystduken i kunstvevnad, på same måten som efoden. Han var av gulltråd, fiolett, purpurraud og karmosinraud ull og fint, tvinna lingarn.

9. Brystduken var firkanta og tvilagd. Han var ei spann lang, ei spann brei og lagd dobbelt.

10. Dei sette fire rader med steinar på han. I den eine rada var det ein rubin, ein topas og ein smaragd,

11. i den andre rada ein turkis, ein safir og ein diamant,

12. i den tredje rada ein opal, ein agat og ein ametyst,

13. og i den fjerde rada ein krysolitt, ein karneol og ein jade. Dei vart sette inn i flettverk av gulltråd.

14. Steinane var tolv i talet, etter namna åt Israels-sønene, ein for kvart namn. På kvar stein var namnet på ei av dei tolv ættene inngrave liksom på eit signet.

15. Til brystduken laga dei kjeder av reint gull. Dei var tvinna som ein tvinnar snorer.

16. Like eins laga dei to flettverk av gulltråd og to ringar av gull. Ringane sette dei i kvar sitt hjørne av brystduken.

17. Dei to gullsnorene feste dei i dei to ringane som sat i hjørna på duken.

18. Dei andre to endane av gullsnorene feste dei i dei to flettverka, og flettverka sette dei på akslebanda åt efoden, på framsida.

19. Så laga dei to gullringar til og sette dei i dei andre to hjørna på brystduken, på den sida som vender inn mot efoden.

20. Endå to gullringar laga dei og sette dei nedst på framsida av dei to akslebanda åt efoden, der dei var feste til efoden, ovanfor beltet.

21. Ringane på brystduken batt dei til ringane på efoden med ei snor av fiolett ull, så duken kom til å sitja ovanfor beltet og ikkje var skild frå efoden. Dei gjorde alt så som Herren hadde sagt Moses føre.

22. Kappa som høyrer efoden til, laga dei heilt igjennom av fiolett ull. Ho var voven.

23. Midt på kappa var det ei halsopning som i ei brynje, og rundt opninga ei bord, så ho ikkje skulle rivna.

24. Nedst kring kappekanten sette dei granateple av tvinna fiolett, purpurraudt og karmosinraudt ullgarn.

25. Så laga dei bjøller av reint gull og sette dei mellom granatepla på kappefalden heilt ikring,

26. fyrst ei bjølle og eit granateple, så ei bjølle og eit granateple, og like eins rundt heile kanten av kappa som skulle brukast i gudstenesta, så som Herren hadde sagt Moses føre.

27. Til Aron og sønene hans laga dei òg kjortlane som var vovne av fint lin,

28. og huene og turbanane til å binda om hovudet, av fint lin, lerretsbuksene av fint, tvinna lingarn,

29. beltet som var vove i mange leter, av fint, tvinna lingarn og fiolett, purpurraud og karmosinraud ull, så som Herren hadde sagt Moses føre.

30. Dei laga panneplata, det heilage diademet, av reint gull. I den grov dei inn som i eit signet: «Helga til Herren».

Heilagdomen vert fullført

31. Dei sette ei snor av fiolett ull i plata og feste henne oppe på hua, så som Herren hadde sagt Moses føre.

32. Såleis vart det fullført, alt arbeidet med den heilage bustaden, med møteteltet. Israelittane gjorde det i eitt og alt så som Herren hadde sagt Moses føre.

33. Og dei gav heilagdomen over til Moses: teltet med alt som høyrde til, krokane, plankane, tverrstengene, stolpane, fotstykka,

34. dekket av raudleta verskinn, dekket av delfinskinn, forhengsteppet,

35. lovkista med stengene, soningsstaden,

36. bordet med alt som høyrde til, skodebrøda,

37. ljosestaken av reint gull med lamper som skulle setjast i rad, og alt som høyrde til, oljen til ljosestaken,

38. det gullkledde altaret, salvingsoljen, den velluktande røykjelsen, teppet til teltdøra,

39. bronsealtaret med bronsegitteret, stengene og alt som høyrde til, vaskekaret med fotstykke,

40. omhenga til føregarden med stolpar og fotstykke, teppet til føregardsporten, snorene, pluggane, alle reiskapane som skulle brukast til tenesta i heilagdomen, i møteteltet,

41. embetsskrudet til tenesta i heilagdomen, dei heilage kleda åt Aron, presten, og kleda åt sønene hans til prestetenesta.

42. Som Herren hadde sagt Moses føre, heiltopp såleis gjorde israelittane alt arbeidet.

43. Og Moses såg på alt det som var gjort, og sjå, no var det fullført. Som Herren hadde sagt, så hadde dei gjort det. Og Moses velsigna dei.

»