Andre Mosebok 40 N11NN
1. Herren sa til Moses:
2. Den første dagen i den første månaden skal du reisa bustaden, teltheilagdomen.
3. Der skal du setja kista med vitnemålet og hengja forhenget framfor henne.
4. Du skal setja inn bordet og ordna det som høyrer til. Så skal du bera inn lysestaken og setja opp lampene på den.
5. Framfor kista med vitnemålet skal du setja det gullkledde røykjelsesaltaret, og framfor inngangen til bustaden skal du hengja opp teppet.
6. Brennofferaltaret skal du setja framfor inngangen til bustaden, til teltheilagdomen.
7. Vaskefatet skal du setja mellom teltheilagdomen og altaret og ha vatn i det.
8. Du skal setja opp føregarden heilt rundt og hengja opp teppet framfor porten.
9. Så skal du ta salvingsoljen og salva bustaden og alt som i han er, og du skal helga han og alt utstyret, så det blir heilagt.
10. Du skal salva brennofferaltaret og alt som høyrer til, og du skal helga altaret, så det blir høgheilagt.
11. Du skal òg salva vaskefatet og understellet og helga det.
12. Så skal du føra Aron og sønene hans fram til inngangen i teltheilagdomen og vaska dei med vatn.
13. Du skal kle Aron i dei heilage kleda, salva han og helga han til å vera prest for meg.
14. Du skal òg føra sønene hans fram og kle dei i kjortlar.
15. Du skal salva dei, slik du salva far deira, så dei kan vera prestar for meg. Denne salvinga skal gje dei retten til prestedømet, i slekt etter slekt, til evig tid.
16. Moses gjorde i eitt og alt som Herren hadde bode han.
17. Den første månaden i det andre året, på den første dagen i månaden, vart bustaden reist.
18. Det var Moses som reiste han. Han sette soklane på plass og reiste plankane, la inn tverrstengene og reiste søylene.
19. Han breidde teltet ut over bustaden, og ovanpå det la han dekket, slik som Herren hadde bode Moses.
20. Så tok Moses vitnemålet og la det i paktkista, sette berestengene i og la soningsstaden som lok på kista.
21. Han sette kista inn i bustaden og hengde forhengsteppet opp slik at det dekte for kista med vitnemålet, slik som Herren hadde bode Moses.
22. Han sette bordet inn i teltheilagdomen, på nordsida av bustaden, utanfor forhenget.
23. På det la han brøda til rette for Herrens andlet, slik som Herren hadde bode Moses.
24. Lysestaken sette han i teltheilagdomen rett imot bordet, på sørsida av bustaden.
25. Lampene sette han opp for Herrens andlet, slik som Herren hadde bode Moses.
26. Det gullkledde altaret sette han òg i teltheilagdomen, framfor forhenget.
27. Han brende velluktande røykjelse på det, slik som Herren hadde bode Moses.
28. Så hengde Moses opp teppet framfor inngangen til bustaden.
29. Brennofferaltaret sette han ved inngangen til bustaden, til teltheilagdomen, og han ofra brennoffer og grødeoffer på det, slik som Herren hadde bode Moses.
30. Vaskefatet sette han mellom teltheilagdomen og altaret, og han helte vatn i det til å vaska seg med.
31. I det vaska Moses og Aron og sønene hans hendene og føtene.
32. Dei vaska seg når dei skulle gå inn i teltheilagdomen, og når dei skulle stiga fram for altaret, slik som Herren hadde bode Moses.
Herrens herlegdom fyller bustaden33. Så laga han til føregarden rundt bustaden og altaret, og han hengde teppet opp framfor porten til føregarden. Slik fullførte Moses arbeidet.
34. Så dekte skya teltheilagdomen, og Herrens herlegdom fylte bustaden.
35. Moses kunne ikkje gå inn i teltheilagdomen, fordi skya hadde teke bustad over teltet og Herrens herlegdom fylte bustaden.
36. Kvar gong skya lyfte seg frå bustaden, braut israelittane opp og heldt fram med si vandring.
37. Men når skya ikkje lyfte seg, braut dei ikkje opp før den dagen ho lyfte seg att.
38. For Herrens sky låg over bustaden om dagen, og om natta lyste ho som eld for auga på heile Israels hus, så lenge vandringa varte.