Andre Mosebok 6 N78NN
1. Då sa Herren til Moses: «No skal du få sjå kva eg vil gjera med farao. Med mi sterke hand skal eg tvinga han til å la dei fara, ja, med mi sterke hand skal eg tvinga han til å driva dei ut or landet sitt.»
2. Gud tala til Moses og sa: «Eg er Herren.
3. Eg synte meg for Abraham, Isak og Jakob som Gud Den Allmektige, men namnet Herren gjorde eg ikkje kjent for dei.
4. Og eg gjorde mi pakt med dei og lova dei Kanaan, det landet dei budde i som framande og utlendingar.
5. No har eg høyrt korleis israelittane sukkar fordi egyptarane held dei i trældom, og eg kjem pakta mi i hug.
6. Sei difor til israelittane: Eg er Herren. Eg vil føra dykk bort frå tvangsarbeidet som egyptarane har lagt på dykk, fria dykk frå trældomen og løysa dykk ut med fast arm og med veldige straffedomar.
7. Eg vil ta dykk til mitt folk og vera dykkar Gud. De skal få kjenna at eg er Herren dykkar Gud, som løyser dykk frå tvangsarbeidet i Egypt.
8. Og eg vil føra dykk til det landet som eg med eid lova Abraham, Isak og Jakob, og det vil eg gje dykk til odel og eige. Eg er Herren.»
9. Dette la Moses fram for israelittane. Men dei høyrde ikkje på han, fordi dei var motlause og laut træla så hardt.
10. Då sa Herren til Moses:
11. «Gå til farao, kongen i Egypt, og sei at han skal la israelittane fara ut or landet!»
12. Moses svara der han stod for Herrens åsyn: «Israelittane høyrer ikkje på meg. Korleis skulle då farao høyra på meg, eg som har så vanskeleg for å tala?»
Forfedrane til Moses og Aron13. Så tala Herren til Moses og Aron og sende dei til israelittane og til farao, egyptarkongen, med det bodet at dei skulle føra israelittane ut or Egypt.
14. Dette er ættehovdingane deira: Sønene til Ruben, eldste son til Israel, var Hanok, Pallu, Hesron og Karmi. Det er Rubens-ættene.
15. Sønene til Simeon var Jemuel, Jamin, Ohad, Jakin og Sohar, og Saul, som var son til ei kanaaneisk kvinne. Det er Simeons-ættene.
16. Dette er namna på Levi-sønene og ættene deira: Gersjon, Kehat og Merari. Levi vart 137 år gamal.
17. Sønene til Gersjon, ætt for ætt, var Libni og Sjimi.
18. Sønene til Kehat var Amram, Jishar, Hebron og Ussiel. Kehat vart 133 år gamal.
19. Sønene til Merari var Makli og Musji. Det er Levi-ættene etter ættelista deira.
20. Amram tok Jokebed, syster åt far sin, til kone. Med henne fekk han Aron og Moses. Amram vart 137 år gamal.
21. Sønene til Jishar var Korah, Nefeg og Sikri.
22. Sønene til Ussiel var Misjael, Elsafan og Sitri.
23. Aron tok Elisjeba til kone. Ho var dotter til Amminadab og syster til Naksjon. Med henne fekk han sønene Nadab, Abihu, Elasar og Itamar.
24. Sønene til Korah var Assir, Elkana og Abiasaf. Det er Korah-ættene.
25. Elasar, son til Aron, tok ei av døtrene åt Putiel til kone. Med henne fekk han Pinhas. Dette er hovdingane for huslydane åt levittane, ætt for ætt.
26. Det var til desse mennene, Aron og Moses, Herren sa: «Før israelittane ut or Egypt, flokk for flokk!»
27. Dei var det som tala med farao, kongen i Egypt, om at israelittane skulle førast ut or Egypt; Moses og Aron var det.
28. Den gongen Herren tala til Moses i Egypt,
29. sa han: «Eg er Herren. Tal til farao, kongen i Egypt, alt det eg seier deg!»
30. Men Moses svara der han stod for Herrens åsyn: «Eg har så vanskeleg for å tala. Korleis skulle farao høyra på meg?»