Logo
🔍

Profeten Esekiel 10 N78NN

« Herrens herlegdom fer bort frå templet

1. Brått fekk eg sjå at det på kvelven over hovuda på kjerubane var noko som likna ein safirstein; noko som likna ein tronstol, var synleg over dei.

2. Då sa Herren til mannen som var kledd i lin: «Gå inn i hjulverket, under kjerubane! Ta hendene fulle av glørne som ligg mellom kjerubane, og strøy dei ut over byen!» Og han gjekk inn medan eg såg på.

3. Kjerubane stod på sørsida av templet då mannen gjekk inn, og skya fylte den indre føregarden.

4. Då lyfte Herrens herlegdom seg frå kjerubane og flytte seg bort til dørstokken i templet. Skya fylte huset, og glansen av Herrens herlegdom fylte føregarden.

5. Susen av kjerubvengene høyrdest heilt ut i den ytre føregarden, som røysta åt Gud Den Allmektige når han talar.

6. Då mannen som var kledd i lin, vart beden om å henta eld under hjulverket, mellom kjerubane, gjekk han inn og stod attmed det eine hjulet.

7. Ein kjerub rette ut handa mot elden som var mellom kjerubane, tok opp noko av han og la i hendene på mannen med linkleda. Han tok elden og gjekk ut.

8. Under vengene på kjerubane kunne ein sjå noko som likna ei menneskehand.

9. Så fekk eg sjå at det stod fire hjul attmed kjerubane, eitt ved kvar kjerub; og hjula såg ut som krysolitt.

10. Alle fire var like å sjå til, og det var som om det eine hjulet var inni det andre.

11. Dei gjekk til alle fire sidene, og dei snudde seg ikkje når dei gjekk. Dei fylgde etter det fremste i den leia det vende seg, og snudde seg ikkje når dei gjekk.

12. Over heile kroppen åt skapningane, på ryggen, hendene og vengene, og like eins på dei fire hjula, var det fullt av augo rundt ikring.

13. Eg høyrde at hjula vart kalla hjulverk.

14. Kvar av skapningane hadde fire andlet. Det fyrste var eit kjerubandlet, det andre eit menneskeandlet, det tredje eit løveandlet og det fjerde eit ørneandlet.

15. Kjerubane lyfte seg. Det var dei skapningane som eg hadde sett attmed Kebar-elva.

16. Når kjerubane gjekk, gjekk hjula òg; når kjerubane breidde ut vengene og ville lyfta seg frå jorda, skilde ikkje hjula seg frå dei.

17. Når kjerubane stod, stod hjula òg; og når kjerubane lyfte seg, lyfte dei seg med dei. For ånda åt skapningane var i hjula.

18. Så flytte Herrens herlegdom seg frå dørstokken i templet og vart ståande over kjerubane.

19. Eg såg korleis kjerubane breidde ut vengene og lyfte seg frå jorda, og når dei steig, fylgde hjula med. Dei stogga attmed inngangen til austporten i Herrens hus, og herlegdomen åt Israels Gud var oppover dei.

20. Det var dei same skapningane som eg hadde sett under Israels Gud attmed Kebar-elva, og eg skjøna at det var kjerubar.

21. Kvar av dei hadde fire andlet og fire venger, og under vengene var det noko som likna menneskehender.

22. Andleta deira likna dei andleta eg hadde sett attmed Kebar-elva; dei såg like eins ut. Kvar av kjerubane gjekk beint fram.

»