Logo
🔍

Profeten Esekiel 17 N78NN

« Vintreet og ørnane

1. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

2. Menneske, set fram ei gåte for Israels-ætta, fortel dei ei likning

3. og sei: Så seier Herren Gud: Den store ørna ¬med store venger og lange vengefjører, med tett og mangleta fjørham, kom til Libanon. Ho tok toppen av sederen,

4. braut av den øvste greina, førte henne til kræmarlandet og sette henne i handelsbyen.

5. Så tok ho ei plante ¬som voks i landet, og sette henne i god jord, planta henne som ei selje ein stad der det var rikeleg ¬med vatn.

6. Ho voks og vart til eit vintre, som var grønt, men lågt, så rankene bøygde seg ¬mot ørna og røtene voks inn ¬under henne. Så vart ho til eit vintre ¬som fekk greiner og strekte ut sine kvister.

7. Men det var ei anna ørn med store venger ¬og tett fjørham. No tøygde vintreet sine røter bort imot denne ørna og bøygde greinene ¬mot henne, så ho skulle gje det meir vatn enn jordstykket ¬som det var planta i.

8. Treet var planta i god jord og hadde rikeleg med vatn, så det kunne få greiner ¬og bera frukt og verta eit framifrå vintre.

9. Du skal seia: Så seier Herren Gud: Kjem vintreet til å trivast? Vert ikkje røtene rivne opp og treet snøytt for frukt? Alle friske renningar ¬skal turka, og då trengst det ingen ¬sterk arm og ikkje mange menneske til å riva det opp med rot.

10. No er det planta. Men vil det trivast? Vil det ikkje berre turka når austavinden når det, turka i den jord det veks?

11. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

12. Sei til denne trassige ætta: Skjønar de ikkje kva dette tyder? Du skal seia: Babylonarkongen kom til Jerusalem, tok kongen og hovdingane i byen og førte dei med seg til Babylonia.

13. Han tok ein ætling av kongehuset, gjorde pakt med han og lét han gjera eid. Så tok han stormennene i landet med seg.

14. Han ville at riket skulle haldast nede og ikkje reisa seg meir, men halda pakta med han, så ho kunne stå ved lag.

15. Men kongen gjorde opprør mot han og sende sendemenn til Egypt; dei skulle få tak i hestar og mykje folk til han. Vil dette lukkast? Kan den som gjer slikt, sleppa unna? Kan han bryta pakta og sleppa frå det?

16. Så sant eg lever, seier Herren Gud: Fordi han vanvørde eiden han gav den kongen som gjorde han til konge, og braut pakta med han, difor skal han døy hjå kongen i Babylonia.

17. Og farao vil ikkje koma med ein stor hær og mykje folk og hjelpa han i striden, når fienden kastar opp ein voll og byggjer kringsetjingstårn for å rydja ut mange menneske.

18. Han vanvørde eiden og braut pakta, og alt dette gjorde han endå han hadde gjeve handslag. Nei, han skal ikkje sleppa unna.

19. Så seier Herren Gud: Så sant eg lever: Eg skal sanneleg gje han att fordi han vanvørde eiden i mitt namn og braut pakta med meg.

20. Eg strekkjer ut garnet mitt over han og fangar han i nettet. Så fører eg han til Babylonia og held dom over han der, fordi han var trulaus mot meg.

Guds lovnad om ny vokster

21. Alle utvalde menn i alle fylkingane hans skal falla for sverd, og dei som vert att, skal spreiast for alle vindar. Då skal de sanna at eg, Herren, har tala.

22. Så seier Herren Gud: Eg tek sjølv ein kvist av toppen på ein høg seder, frå dei øvste greinene riv eg eit fint skot og plantar det på eit høgt ¬og mektig fjell;

23. eg plantar det ¬på Israels høge fjell. Det skal få greiner ¬og bera frukt og verta ein briken seder. Alle slag fuglar skal bu i det, alt som har venger, ¬skal halda til i skuggen av greinene på det.

24. Då skal alle tre på marka sanna at eg er Herren. Det høge treet gjer eg lågt, og det låge gjer eg høgt. Det friske treet lèt eg turka, og det turre lèt eg veksa. Eg, Herren, har tala ¬og vil la det henda.

»