Logo
🔍

Profeten Esekiel 19 N11NN

« Likklage over dei siste kongane

1. Du skal stemma i ei likklage over fyrstane i Israel

2. og seia: Kva var mor di? Ei løvinne mellom løver. Ho låg mellom ungløver, ho fostra ungane sine.

3. Ho alte opp ein av ungane, ei ungløve vart han. Han lærte å riva sund bytte, han åt opp menneske.

4. Folkeslag fekk høyra om han, han vart fanga i deira fallgrav. Med nasekrokar førte dei han til Egypt.

5. Ho såg at ho venta forgjeves, håpet var ute. Då tok ho ein annan unge, ho gjorde han til ungløve.

6. Han gjekk der mellom løver, og ei ungløve vart han. Han lærte å riva sund bytte, han åt opp menneske.

7. Han øydela borgene og la byane i ruinar. Landet og alt som fanst der, stivna av skrekk ved lyden av brøla hans.

8. Folk frå landa omkring sette då ut sine garn. Dei spreidde dei ut over han, og han vart fanga i fallgrava deira.

9. Med nasekrokar fekk dei han i bur og førte han til kongen i Babel. Der sette dei han i ei festning, så brøla ikkje skulle høyrast meir over fjella i Israel.

10. Mor di var som ein vinstokk i hagen din, planta attmed vatn. Han var rik på frukt og fekk mange greiner, for han fekk godt med vatn.

11. Greinene vart så sterke at dei kunne brukast til herskarstavar. Høgt voks han, opp mellom skyene, lett synleg fordi han var så høg og hadde så mange greiner.

12. Men han vart riven opp i harme og kasta til jorda. Austavinden tørka ut frukta. Dei sterke greinene vart rivne av og visna, elden åt dei.

13. No er han planta i ørkenen, i det tørre, tørstande landet.

14. Eld gjekk ut frå ei grein og åt kvistene og frukta. Det finst ikkje lenger ei sterk grein som kan vera herskarstav. Dette er ei likklage, og likklage har det vorte.

»