Logo
🔍

Profeten Esekiel 19 N78NN

« Klagesong over dei siste kongane i Juda

1. Du skal setja i med ein klagesong over leiarane i Israel

2. og seia: Kva var mor di? Ei løvinne mellom løver; mellom ungløver låg ho ¬og fostra sine ungar.

3. Ein av ungane alte ho opp, og han vart ei retteleg ungløve. Han lærte å gå på rov, han åt opp menneske.

4. Folkeslag fekk høyra om han, og han vart fanga ¬i deira fallgrav. Dei sette naseringar på han og førte han til Egypt.

5. Då løvinna såg ¬at ho venta til fåfengs, at all hennar von var ute, då tok ho ein annan ¬av ungane sine og gjorde han til ei ungløve.

6. Han gjekk der ¬mellom løvinnene, og det vart ei ungløve av han. Han lærte å gå på rov, han åt opp menneske.

7. Han skadde borgene og la byane i øyde. Landet og alt som fanst der, stivna av redsle ¬når dei høyrde han brøla.

8. Folk frå landa rundt ikring sette då ut sine garn. Dei strekte dei ut over han og fanga han i si fallgrav.

9. Dei sette han i bur, hadde naseringar på han og førte han ¬til kongen i Babylon. Der sette dei han ¬i ei sterk festning, så ingen skulle høyra ¬brøla hans meir over Israels-fjella.

10. Mor di var eit vintre i hagen, planta attmed vatn. Treet bar frukt ¬og fekk mange greiner, fordi det hadde ¬rikeleg med væte.

11. Greinene vart så sterke at dei kunne brukast ¬til styrarstavar. Høgt voks det opp mot skyene, lett synleg fordi det var så høgt og hadde så mange greiner.

12. Men treet vart rive opp ¬– i harme – og kasta til jorda. Austavinden turka ut frukta; jamvel dei sterke greinene vart rivne av og visna, og elden gjorde ende på dei.

13. No er det planta i øydemarka, i det turre, tyrstande landet.

14. Eld gjekk ut frå ei grein ¬på treet og øydde kvistene og frukta. Det har ikkje meir ¬noka sterk grein som kan vera styrarstav. Dette skulle vera ein klagesong; og ein klagesong har det vorte.

»