Profeten Esekiel 2 N78NN
1. Han sa til meg: «Menneske! Reis deg opp på føtene, så vil eg tala med deg.»
2. Med det same han tala til meg, kom det ånd i meg, og ho reiste meg opp, så eg stod. Og eg høyrde på han som tala til meg.
3. Han sa til meg: «Menneske, eg sender deg til israelittane, dette opprørske folket som har reist seg imot meg. Både dei og fedrane deira har vore trulause mot meg heilt til denne dag.
4. Til desse menneska med frekk mine og harde hjarto sender eg deg, og du skal seia til dei: Så seier Herren Gud.
5. Og anten dei vil høyra eller ikkje – for ei trassig ætt er dei – så skal dei skjøna at ein profet har vore midt imellom dei.
6. Men du, menneske, ver ikkje redd dei, og lat deg ikkje skræma av det dei seier, endå dei er ikring deg som klunger, og du bur mellom skorpionar. Lat deg ikkje skræma av det dei seier, og ver ikkje redd dei! For ei trassig ætt er dei.
7. Du skal tala mine ord til dei anten dei vil høyra eller ikkje; for trassige er dei.
8. Men du, menneske, høyr på det eg talar til deg! Ver ikkje trassig som denne ætta! Lat opp munnen og et det eg gjev deg!»
9. Då eg såg opp, fekk eg auga på ei hand som var rett ut mot meg, og i den var det ein bokrull.
10. Han breidde ut rullen framføre meg. Det var skrive på han både inni og utanpå. Og det som stod skrive der, var klagesongar, sukkar og verop.