Logo
🔍

Profeten Esekiel 24 N78NN

« Ve den blodige byen!

1. Herrens ord kom til meg i det niande året, den tiande dagen i den tiande månaden, og det lydde så:

2. Menneske, skriv opp for deg sjølv namnet på denne dagen. For nett i dag har babylonarkongen gått til åtak på Jerusalem.

3. Fortel ei likning til dette trassige folket og sei til dei: Så seier Herren Gud: Set gryta over! Set henne over og slå vatn oppi!

4. Legg kjøtstykke nedi, berre gode stykke av lår ¬og bog; fyll gryta med utvalde knokar!

5. Ta av dei finaste sauene! Gjer så opp eld under gryta! Du skal koka kjøtstykka ¬i henne, jamvel knokane skal du koka.

6. Så seier Herren Gud: Ve den blodige byen, gryta som har rusta, og som rustet ikkje går av. Ta stykke for stykke ¬ut or henne, utan at nokon kastar lodd ¬om dei.

7. For det vart utrent blod ¬der i byen. Dei lét det renna ¬på nakne berget og slo det ikkje ut på bakken, så molda kunne dekkja det.

8. For å gje harmen fritt løp, for å kunna ta hemn lét eg blodet renna ¬på nakne berget, så det ikkje skulle dekkjast til.

9. Difor seier Herren Gud: Ve den blodige byen! Eg òg gjer bålet stort.

10. Ta mykje ved og kveik opp eld! Kok kjøtet møyrt, ¬og slå suppa ut, så beina vert brende.

11. Lat gryta stå tom på glørne, lat henne verta så varm ¬at koparen gløder. Så skal ureinskapen ¬smeltast ut or henne og rustet verta borte.

12. Det har kosta strev og møde. Men elden tek ikkje bort ¬alt rustet.

13. Fordi du vart urein ¬ved di skjemdarferd, og ikkje vart kvitt ¬din ureinskap endå eg ville reinsa deg, så skal du ikkje verta rein att før eg får stilt min harme ¬på deg.

Profetens sorg, eit teikn for folket

14. Eg, Herren, har tala, ¬og det skal henda; eg lèt ikkje vera å gjera det. Eg sparer ingen ¬og angrar ikkje. Etter di ferd og dine gjerningar skal dei døma deg, seier Herren Gud.

15. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

16. Menneske, sjå, med ein brå død tek eg frå deg den som dine augo har hugnad i. Men du skal ikkje klaga og gråta og ikkje fella tårer.

17. Du skal berre sukka i stilla og ikkje halda syrgjehøgtid. Bind turbanen på deg og ta skor på føtene! Dekk ikkje til skjegget, og et ikkje syrgjebrød!

18. Om morgonen tala eg til folket, og om kvelden døydde kona mi. Morgonen etter gjorde eg som eg var føresagd.

19. Då sa folket til meg: «Vil du ikkje seia oss kvifor du gjer dette?»

20. Eg svara: Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

21. Sei til Israels-ætta: Så seier Herren Gud: Sjå, eg vil vanhelga heilagdomen min, det stolte vernet som de ser med glede, og som de lengtar etter. Sønene og døtrene dykkar, som de lét vera att, skal falla for sverd.

22. Då skal de gjera som eg har gjort: De skal ikkje dekkja til skjegget og ikkje eta syrgjebrød.

23. Bind turbanen om hovudet og ta skor på føtene! De må ikkje klaga og gråta. Men de skal visna bort i dykkar synder og stynja med kvarandre.

24. Esekiel skal vera eit teikn for dykk. Nett som han har gjort, skal de gjera. Når dette hender, skal de sanna at eg er Herren Gud.

25. Og du, menneske, den dagen eg tek frå dei deira vern, deira herlege fryd, det dei ser med glede, og det dei lengtar etter, sønene og døtrene deira,

26. den dagen skal dei som slepp unna, koma til deg og fortelja om det.

27. Den dagen, når flyktningane kjem, skal munnen din latast opp. Du skal ikkje lenger vera mållaus, men tala. Du skal vera eit teikn for dei, og dei skal sanna at eg er Herren.

»