Profeten Esekiel 26 N78NN
1. I det ellevte året, den fyrste dagen i den fyrste månaden, kom Herrens ord til meg, og det lydde så:
2. Menneske, Tyrus har sagt ¬om Jerusalem: «Ha-ha! ¬Folkeporten er sprengd; no er det eg som tek over. Eg vert rik, ¬medan han ligg aud.»
3. Difor seier Herren Gud: Sjå, eg kjem imot deg, Tyrus. Eg fører mange folkeslag ¬mot deg, liksom havet ¬lèt bylgjene velta fram.
4. Dei øydelegg murane ¬kring Tyrus og riv ned tårna der. Eg sopar bort moldjorda i byen og gjer han til eit nake berg.
5. Han skal verta ein turkeplass ¬for garn der han ligg uti havet. For eg har tala, ¬seier Herren Gud. Han skal verta eit bytte ¬for andre folk,
6. og i dotterbyane på fastlandet skal menneska verta drepne ¬med sverd. Dei skal få sanna ¬at eg er Herren.
7. Ja, så seier Herren Gud: Eg lèt Babels konge, ¬Nebukadnesar, han som er konge over kongar, dra mot Tyrus frå nord, med hestar og vogner ¬og ryttarar og med ein veldig hær.
8. I dotterbyane dine ¬på fastlandet skal han drepa folket ¬med sverd. Han skal byggja skansar, kasta opp ein voll ikring deg og reisa skjoldtak mot deg.
9. Så støyter han stormbukken ¬mot murane dine og bryt tårna ned ¬med brekkjern.
10. Han har så mange hestar at støvet frå dei ¬skal dekkja deg. Larmen av ryttarar og vognhjul skal få murane dine til å skjelva når han fer inn ¬gjennom portane dine, som ein dreg inn ¬i ein hærteken by.
11. Med hovane av hestane sine trakkar han ned ¬alle gatene dine. Han drep ditt folk med sverd og styrtar dine sterke søyler ¬til jorda.
12. Så røvar dei din rikdom og tek dine varer som bytte. Dei bryt ned dine murar og riv dine herlege hus. Steinar, bjelkar og grus kastar dei på sjøen.
13. Då gjer eg slutt ¬på dine ståkande songar, dine lyrer ¬skal ikkje høyrast meir.
14. Eg gjer deg til eit nake berg, du vert ein turkeplass for garn. Aldri skal du byggjast opp att. Eg har tala, lyder ordet frå Herren Gud.
15. Så seier Herren Gud til Tyrus: Sanneleg, havsens strender ¬skal skjelva når du fell med bulder og brak, når dei som er gjennombora, ¬styn, og mange vert drepne i byen.
16. Då skal alle fyrstane ved havet stiga ned frå sine troner, leggja bort sine kapper og ta av seg dei fargerike kleda. Dei vert gripne av redsle og set seg på jorda; dei skjelv kvar augneblink og fæler når dei ser deg.
17. Så set dei i ¬med ein klagesong over deg: Å, at du har gått til grunne, har kvorve frå havet, ¬du lovpriste by! Byen og folket der ¬hadde makta på havet, spreidde redsle blant alle ¬som budde ikring.
18. Strendene skjelv ¬den dagen du fell, øyane i havet vert gripne ¬av redsle fordi du fekk slik endelykt.
19. For så seier Herren Gud: Når eg gjer deg til ein herja by, lik byar ¬som det ikkje bur folk i, når eg lèt storhavet stiga, så veldige vassmengder ¬dekkjer deg,
20. då fører eg deg ned ¬med dei som går i grav, ned til folk som levde før. Eg lèt deg bu i landet der nede, som liknar ruinar ¬frå gamle dagar, saman med dei ¬som har gått i grav. Du skal ikkje koma att og få deg ein stad ¬i landet åt dei levande.
21. Eg gjer deg til ei skræmsle, du skal ikkje meir vera til. Folk skal leita, ¬men aldri finna deg meir, lyder ordet frå Herren Gud.