Logo
🔍

Profeten Esekiel 28 N11NN

« Dom over fyrsten av Tyros

1. Herrens ord kom til meg:

2. Menneske, sei til fyrsten av Tyros: Så seier Herren Gud: Fordi hjartet ditt er hovmodig, har du sagt: «Eg er ein gud. Eg sit på gudetrone midt ute på havet.» Men du er eit menneske og ikkje ein gud, du har gjort hjartet ditt likt eit gudehjarte.

3. Sjå, visare er du enn Daniel, ingen løyndom er duld for deg.

4. Med visdom og vit har du skaffa deg makt, du har skaffa sølv og gull til skattkammera dine.

5. Med stor visdom i handel auka du di makt, men hjartet vart hovmodig av makta.

6. Difor seier Herren Gud: Fordi du gjorde hjartet likt eit gudehjarte,

7. sender eg mot deg framande, brutale folkeslag. Dei dreg sverdet mot din vene visdom og vanærar di prakt.

8. Dei styrtar deg i avgrunnen, drepen manns død skal du lida midt ute på havet.

9. Vil du verkeleg seia «Eg er gud» andlet til andlet med din mordar? Men du er menneske og ikkje gud i hendene på dine drapsmenn.

Likklage over kongen av Tyros

10. Uomskoren manns død skal du lida i hendene på framande. For eg har tala, seier Herren Gud.

11. Herrens ord kom til meg:

12. Menneske, stem i ei likklage over kongen av Tyros og sei til han: Så seier Herren Gud: Du var eit bilete på det fullenda, fylt av visdom, fullkomen i venleik.

13. I Eden, Guds hage, heldt du til. Du var dekt av alle slag dyre steinar: rubin, topas og diamant, krysolitt, onyks og jade, safir, turkis og smaragd. Forgylte kunstverk var dine trommer og fløyter, gjorde i stand for deg den dagen du vart skapt.

14. Du var ein salva kjerub, eit vern. Eg innsette deg, på Guds heilage fjell heldt du til, mellom glødande steinar vandra du.

15. Du var heil i di ferd frå den dagen du vart skapt, til det vart funne urett hos deg.

16. Din store handel fylte deg med vald, og du tok til å synda. Då dreiv eg deg bort frå gudefjellet og gjorde ende på deg, du vaktar og kjerub mellom glødande steinar.

17. Ditt hjarte vart hovmodig av din venleik, og du øydela din visdom og di prakt. Då kasta eg deg til jorda, eg sette deg framfor kongar så dei kunne sjå på deg.

18. Med stor skuld og med urett i handel vanhelga du dine heilagdomar. Eg sende eld, og han gjorde ende på deg. Eg gjorde deg til oske på jorda rett framfor auga på alle som såg deg.

Profetord til Sidon

19. Alle som kjende deg mellom folka, gyser. Eit skremsel har du vorte, du er borte for alltid.

20. Herrens ord kom til meg:

21. Menneske, vend deg mot Sidon, tal profetord mot henne.

22. Sei: Så seier Herren Gud: Sjå, eg kjem over deg, Sidon, og viser min herlegdom midt i deg. Dei skal kjenna at eg er Herren når eg held dom over byen og viser meg heilag der.

23. Eg sender pest, blod skal renna i gatene. Der skal dei drepast, falla for sverd rette mot byen frå alle kantar. Då skal dei kjenna at eg er Herren.

24. Til Israels hus skal det aldri meir koma tornar som riv og tistlar som stikk, frå alle grannefolk som foraktar dei. Dei skal kjenna at eg er Herren Gud.

25. Så seier Herren Gud: Når eg samlar Israels hus frå alle folka dei er spreidde imellom, då vil eg gjennom dei visa meg heilag for auga på folkeslaga. Dei skal få bu i landet sitt, det som eg gav Jakob, tenaren min.

26. Der skal dei bu trygt, byggja hus og planta vinmarker. Dei skal bu trygt når eg held dom over alle grannefolk som foraktar dei. Då skal dei kjenna at eg er Herren deira Gud.

»