Logo
🔍

Profeten Esekiel 28 N78NN

« Domsord over fyrsten i Tyrus

1. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

2. Menneske, sei til fyrsten i Tyrus: Så seier Herren Gud: Hovmodig er ditt hjarta når du seier: «Eg er ein gud og sit på eit gudesete ¬uti havet.» Du er berre eit menneske ¬og ikkje ein gud, likevel kjenner du deg ¬som ein gud.

3. Sjå, du er visare enn Daniel, ingen løyndom er duld for deg.

4. Med visdom og vit ¬har du vunne deg rikdom; i dine skattkammer ¬har du samla gull og sølv.

5. Med din store klokskap ¬i handel auka du din rikdom; men rikdomen ¬gjorde deg hovmodig.

6. Difor seier Herren Gud: Fordi du kjenner deg ¬som ein gud,

7. sjå, difor sender eg mot deg framande folkeslag ¬som ikkje tek omsyn. Trass i din storslegne visdom dreg dei sverdet mot deg og vanhelgar deg ¬i din strålande glans.

8. Dei støyter deg ned i grava; midt uti havet skal du døy lik folk som vert slegne i hel.

9. Vil du då seia at du er ein gud, andlet til andlet ¬med dine drapsmenn? Du er ingen gud, ¬men berre eit menneske i hendene på dine banemenn.

Klagesong over kongen i Tyrus

10. Som dei uomskorne ¬skal du døy for handa åt framande. For eg har tala, ¬seier Herren Gud.

11. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

12. Menneske, set i med ein klagesong over kongen i Tyrus og sei til han: Så seier Herren Gud: Du var seglet på det fullkomne, full av visdom og venleik.

13. Du budde i Eden, Guds hage, og var dekt ¬med alle slag dyre steinar: rubin, topas og diamant, krysolitt, karneol og jade, safir, turkis og smaragd. Dine handtrommer og smykke var innlagde med gull; dei vart laga den dagen du vart fødd.

14. Eg gjorde deg til ein strålande, ¬vernande kjerub. Du var på det heilage ¬gudefjellet, og gjekk ikring ¬mellom glitrande steinar.

15. Frå den dagen du vart fødd, var du heil i di ferd, til dess det vart funne urett ¬hjå deg.

16. Din store handel ¬førte med seg at du vart fylt av vald ¬og tok til å synda. Då dreiv eg deg bort ¬frå gudefjellet og gjorde ende på deg, du vernande kjerub, mellom dei glitrande steinane.

17. Din venleik ¬gjorde deg hovmodig, og fordi du var så strålande, øydde du din visdom. Då kasta eg deg til jorda og gav deg over til kongar, så dei kunne sjå på deg ¬med lyst.

18. Med all di skuld ¬og din urett i handel vanhelga du dine heilagdomar. Så sende eg eld imot deg, og han gjorde ende på deg. Eg lét deg verta til oske ¬på jorda for augo på alle som såg deg.

Profetord til Sidon

19. Alle som kjende deg ¬ute mellom folka, fælte då dei såg deg. Du har vorte til skrekk og gru, og borte er du for alltid.

20. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

21. Menneske, vend deg mot Sidon, tal profetord mot byen

22. og sei: Så seier Herren Gud: Sjå, no kjem eg mot deg, Sidon; eg vil visa mi guddomsmakt ¬på deg. Folket skal sanna ¬at eg er Herren, når eg held dom over byen og der viser kor heilag eg er.

23. Eg sender pest over byen og lèt blodet renna i gatene. Menn vert drepne, ¬dei fell for sverd som vert rette mot byen ¬frå alle kantar. Då skal dei sanna ¬at eg er Herren.

24. Israelittane ¬skal ikkje lenger plagast av taggar som stikk ¬og klunger som svir, av grannefolk ¬som vanvørder dei. Dei skal sanna at eg er Herren.

25. Så seier Herren Gud: Når eg samlar israelittane frå folka dei er spreidde imellom, vil eg midt imellom dei, for augo på folkeslaga, visa kor heilag eg er. Dei skal få bu i sitt land, det som eg gav Jakob, tenaren min.

26. Ja, der skal dei bu trygt, byggja hus og planta vingardar. Dei skal bu trygt, medan eg held dom over alle grannefolka som vanvørder dei. Då skal dei sanna at eg er Herren deira Gud.

»