Logo
🔍

Profeten Esekiel 30 N78NN

« Herrens dag er nær for Egypt

1. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

2. Menneske, tal profetord og sei: Så seier Herren Gud: Klag og rop: Å, for ein dag!

3. Dagen er nær, ¬ja, Herrens dag er nær. Det er ein dag ¬med mørke skyer, ei tid med dom over folkeslag.

4. Det kjem eit sverd mot Egypt. I Nubia skal folket skjelva ¬av angst når egyptarar vert drepne ¬og fell, når rikdomen deira vert teken og grunnmurane ¬vert nedrivne.

5. Dei som bur i Nubia, ¬Put og Lud, alt blandingsfolket ¬og libyarane, og menn i landet ¬som dei har pakt med, skal falla for sverd ¬saman med dei.

6. Så seier Herren: Dei som støttar egyptarane, ¬skal falla, deira stolte makt ¬skal bryta saman; frå Migdol til Syene ¬skal dei falla for sverd, lyder ordet frå Herren Gud.

7. Egypt skal liggja audt ¬mellom øydelagde land, og byane skal liggja ¬mellom øydelagde byar.

8. Då skal dei sanna ¬at eg er Herren, når eg set eld på Egypt, og alle som hjelper landet, ¬vert knuste.

9. Den dagen skal sendebod ¬frå meg dra av stad, dei dreg ut på skip for å skræma ¬dei trygge nubiarane. Dei skal skjelva av angst når dagen kjem for Egypt. Ja sjå, han kjem!

10. Så seier Herren Gud: Eg lèt Nebukadnesar, ¬kongen i Babylonia, gjera ende på ¬den ståkande hopen i Egypt.

11. Han og folket hans med han, dei verste valdsmenn ¬mellom folka, skal koma dit og herja landet. Dei skal dra sine sverd ¬mot Egypt og fylla landet med drepne.

12. Eg lèt elvane turka ut og sel landet til vonde menn. Både det og alt som er i det, lèt eg framande øydeleggja. Eg, Herren, har tala.

13. Så seier Herren Gud: Eg vil gjera ende på avgudane, rydja ut dei gagnlause gudane ¬i Nof; det skal aldri meir ¬vera nokon fyrste i Egypt. Såleis spreier eg redsle i landet.

14. Eg legg Patros i øyde, set eld på Soan og held dom over No.

15. Eg lèt min harme ¬gå ut over Sin, den sterke festningsbyen ¬i Egypt, og rydjar ut folkehopen i No.

16. Når eg set eld på Egypt, må Sin vri seg og skjelva. No vert storma av fiendar, og Nof vert teke ¬midt på ljose dagen.

17. Dei unge menn i On ¬og Pi-Beset skal falla for sverd, dei andre må fara ¬i fangenskap.

18. I Takpanhes vert dagen mørk; der bryt eg styrarstavane ¬i Egypt, så den stolte makta i landet ¬tek slutt. Mørke skyer ¬skal liggja over byen, døtrene der ¬må fara i fangenskap.

Faraos makt er broten

19. Eg fullfører domen over Egypt, og dei skal sanna ¬at eg er Herren.

20. I det ellevte året, den sjuande dagen i den fyrste månaden, kom Herrens ord til meg, og det lydde så:

21. Menneske, eg har brote armen på farao, kongen i Egypt. Sjå, ingen har fetla han, så han kan verta frisk att. Ingen har lagt forbinding ¬på han, så han vert sterk nok ¬til å gripa sverdet.

22. Difor seier Herren Gud: No går eg mot farao, ¬kongen i Egypt. Eg vil knekkja armane hans, både den sterke og den brotne, og sverdet slår eg ¬or handa hans.

23. Så spreier eg egyptarane ¬mellom folka og strøyer dei ut i landa.

24. Eg gjer babylonarkongens ¬armar sterke og gjev han sverdet mitt ¬i handa; men armen til farao bryt eg, så han ligg for hans føter og styn med banesår.

25. Når eg gjer babylonarkongens ¬armar sterke, men lèt faraos armar siga, då skal de sanna ¬at eg er Herren. For eg legg mitt sverd ¬i babylonarkongens hand, og han retter det mot Egypt.

26. Når eg spreier egyptarane ¬mellom folka og strøyer dei ut i landa, då skal dei sanna ¬at eg er Herren.

»