Logo
🔍

Profeten Esekiel 32 N78NN

« Klagesong over farao

1. I det tolvte året, den fyrste dagen i den tolvte månaden, kom Herrens ord til meg, og det lydde så:

2. Menneske, set i med ein klagesong over farao, kongen i Egypt, og sei til han: Tagal har du vorte, ¬du løve mellom folka. Du var som eit sjøuhyre ¬i havet, frøsande fór du i elvane dine. Du grumsa til vatnet ¬med føtene og rota opp gjørme i elvane.

3. Så seier Herren Gud: No breier eg garnet mitt ¬over deg medan mange folk er samla, og dei skal dra deg opp ¬med nota.

4. Eg slengjer deg opp på land og kastar deg ut over marka. Eg lèt alle slag fuglar ¬slå seg ned på deg, alle dyr på jorda ¬metta seg av deg.

5. Eg legg kjøtet ditt på fjella og fyller dalane ¬med kroppen din.

6. Så vatnar eg jorda ¬med væska frå deg, med blodet som renn på fjella, og fyller bekkefara.

7. Når eg lèt deg slokna, ¬dekkjer eg himmelen, og stjernene kler eg i svart. Over sola breier eg skyer, og månen skin ikkje meir.

8. Kvart ljos ¬som lyser på himmelen, lèt eg svartna for di skuld; eg sender mørker over landet, lyder ordet frå Herren Gud.

9. Eg gjer mange folk urolege når eg tek fangar hjå deg og fører dei ut ¬mellom folkeslaga, til land du ikkje kjenner.

10. Eg lèt mange folk ¬verta skræmde over deg, kongane deira skal fæla når eg svingar sverdet ¬framfor dei. Kvar augneblink ¬skal dei skjelva for sitt liv den dagen du fell.

11. Ja, så seier Herren Gud: Babylonarkongens sverd ¬skal koma over deg.

12. Din hop lèt eg falla ¬for kjempers sverd, alle er dei hardare ¬enn andre folk. Dei herjar det egyptarane ¬er stolte av, heile hopen vert utrudd.

13. Alt feet der gjer eg ende på, det vert borte ¬frå dei store vassdrag, som ikkje lenger ¬skal grumsast til av menneskefot ¬eller dyreklauver.

14. Så gjer eg vatnet klårt og reint, og elvane lèt eg renna som olje, lyder ordet frå Herren Gud.

15. Når eg gjer Egypt ¬til ei øydemark, så landet ligg audt og tomt, når eg slår ned alle ¬som bur der, då skal dei sanna ¬at eg er Herren.

Farao og hopen hans i dødsriket

16. Dette er ein klagesong, og som ein klagesong skal han syngjast. Kvinnene rundt i landa skal syngja han. Om Egypt og heile hopen der skal klagesongen lyda, seier Herren Gud.

17. I det tolvte året, den femtande dagen i månaden, kom Herrens ord til meg, og det lydde så:

18. Menneske, syng ein klagesong over hopen i Egypt! Lat dei fara ned, og kvinner frå andre folkeslag saman med dei! Mektige menn må fara til landet djupt der nede, saman med dei som går i grav.

19. Kanskje du er betre enn andre? Stig ned og legg deg ¬hjå uomskorne!

20. Egyptarane skal falla mellom menn ¬som vert drepne med sverd. Sverdet er drege og lyft mot landet og heile hopen der.

21. Nede frå dødsriket ¬skal sterke kjemper seia om farao ¬og hans hjelpesmenn: «No har dei fare ned og lagt seg mellom uomskorne, ¬drepne med sverd.»

22. Der er Assur ¬og heile hans fylking rundt ikring hans grav. Alle vart drepne, ¬dei fall for sverd

23. og fekk sine graver inst i hola. Fylkinga ligg der ¬rundt ikring hans grav. Alle vart drepne, ¬dei fall for sverd, dei som spreidde redsle ¬ikring seg medan dei levde.

24. Der er Elam og heile hans hop rundt ikring hans grav. Alle vart drepne, ¬dei fall for sverd; uomskorne fór dei til landet djupt der nede, dei som spreidde redsle ¬ikring seg medan dei levde. No må dei bera si vanære saman med dei ¬som gjekk i grav.

25. – Midt imellom drepne ¬fekk han si lege og heile hopen rundt ¬hans grav. Alle er uomskorne; dei vart drepne med sverd, for det fylgde redsle med dei medan dei levde. No må dei bera si vanære saman med dei ¬som gjekk i grav. Midt imellom drepne ¬vart dei lagde. –

26. Der er Mesjek og Tubal ¬med heile deira hop rundt ikring hans grav. Alle er uomskorne; dei vart drepne med sverd, for det fylgde redsle med dei medan dei levde.

27. Dei ligg ikkje mellom kjempene som fall i gamle dagar og fór ned til dødsriket med sine krigsvåpen. Deira sverd vart lagde ¬under hovudet på dei. Deira synd og skuld låg tungt på deira bein. For det fylgde redsle ¬med kjempene medan dei levde.

28. Du òg skal verta knust ¬mellom uomskorne og liggja hjå dei ¬som er drepne med sverd.

29. Der er Edom med sine kongar og alle sine hovdingar, dei som trass i all si heltekraft må liggja mellom dei som fall for sverd. Dei skal liggja hjå dei uomskorne, hjå dei som steig ned i grava.

30. Der er alle fyrstane frå nord og alle dei frå Sidon, som trass i den redsla dei spreidde, laut fara ned med dei falne. Med all si heltekraft vart dei til skammar. Der ligg dei uomskorne hjå dei som vart drepne med sverd. No må dei bera si vanære saman med dei som gjekk i grav.

31. Farao skal sjå dei og finna trøyst etter tapet av heile sin hop. Farao og heile hans hær skal verta drepne med sverd, seier Herren Gud.

32. For eg lét det stå skrekk av han medan han levde. No skal farao og heile hans hop få si lege mellom uomskorne, hjå dei som vart drepne med sverd, lyder ordet frå Herren Gud.

»