Logo
🔍

Profeten Esekiel 35 N78NN

« Edom skal verta ei øydemark

1. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

2. Menneske, vend deg mot Se’ir-fjellet og tal profetord mot det!

3. Sei til det: Så seier Herren Gud: Sjå, eg kjem mot deg, ¬Se’ir-fjell; eg retter ut handa mot deg og gjer deg audt og øyde.

4. Byane dine legg eg i røys, og sjølv skal du verta ei audn. Då skal du sanna ¬at eg er Herren.

5. Fordi du bar ¬på eldgamal fiendskap, gav du Israels søner til sverdet den tid ulukka kom over dei, og dei fekk si endelege straff.

6. Difor, så sant eg lever, lèt eg deg blø, ¬seier Herren Gud, og blod skal forfylgja deg. Du rende ut blod og førte over deg skuld, difor skal blodet ¬sanneleg forfylgja deg.

7. Eg gjer Se’ir-fjellet audt ¬og øyde og rydjar ut dei ¬som ferdast der.

8. Eg fyller fjella der med drepne. På alle haugar, ¬i dalar og bekkefar fell menn som vert drepne ¬med sverd.

9. Eg gjer deg til ei evig audn, byane dine ¬skal liggja folketome. Då skal de sanna ¬at eg er Herren.

10. Fordi du sa: «Dei to folka og dei to landa skal verta mine; vi tek dei jamvel om Herren er der,»

11. difor seier Herren Gud: Så sant eg lever, eg vil gjera med deg som du har fortent etter den vreide og iver du viste i ditt hat mot dei. Eg vil gjera meg kjend hjå deg når eg dømer deg.

12. Du skal vita at eg, Herren, har høyrt alle spottorda du tala mot fjella i Israel då du sa: «Dei ligg aude; vi har fått dei til livberging.»

13. De tala i hovmod og bruka mange ord imot meg. Eg har nok høyrt det.

14. Så seier Herren Gud: Til glede for heile jorda gjer eg deg til ei audn.

15. Fordi du gledde deg då Israels arveland vart lagt i øyde, lèt eg det same henda med deg. Se’ir-fjellet og heile Edom skal verta ei audn. Då skal dei sanna at eg er Herren.

»