Første Mosebok 16 N78NN
1. Sarai, kona til Abram, fekk ikkje born. Men ho hadde ei egyptisk trælkvinne som heitte Hagar.
2. Sarai sa til Abram: «Du veit, Herren har ikkje vilja la meg få born. Gå inn til trælkvinna mi! Kan henda ho får ein son til meg.» Og Abram gjorde som Sarai sa.
3. Etter at Abram hadde butt ti år i Kanaan, tok Sarai, kona hans, trælkvinna si, Hagar frå Egypt, og lét mannen sin, Abram, få henne til kone.
4. Han låg med Hagar, og ho vart med barn. Men då ho såg at ho var med barn, vanvørde ho matmor si.
5. Då sa Sarai til Abram: «Du skal svara for den urett eg lid. Eg har sjølv late deg ta trælkvinna mi i fang. Men no, når ho ser at ho er med barn, vanvørder ho meg. Herren skal døma mellom meg og deg!»
6. Då sa Abram til Sarai: «Du rår sjølv over trælkvinna di. Gjer med henne som du synest!» Sidan var Sarai hard med henne; og ho rømde sin veg.
7. Herrens engel fann henne attmed ei kjelde i øydemarka, attmed kjelda på vegen til Sjur.
8. Og han sa: «Hagar, trælkvinna hennar Sarai, kvar kjem du frå, og kvar skal du av?» Ho svara: «Eg har rømt frå Sarai, matmor mi.»
9. Då sa Herrens engel til henne: «Gå heim att til matmor di, og bøy deg under handa hennar!»
10. Og han heldt fram: «Stor vil eg gjera ætta di; reint uteljande skal ho verta.»
11. Så sa Herrens engel til henne: «No er du med barn, og du skal få ein son; han skal du kalla Ismael, for Herren har høyrt ¬kva du leid.
12. Han skal verta eit villesel til kar. Hans hand skal vera vend ¬mot alle og alle hender mot han; beint framfor alle sine frendar skal han slå seg ned.»
13. Då kalla ho Herren, som hadde tala til henne: «Du er Gud som ser.» For ho sa: «Kan det vera råd at eg her har sett skimten av han som ser meg?»
14. Difor kallar dei den brunnen Lakai-Ro’i-brunnen. Han ligg mellom Kadesj og Bered.
15. Abram fekk ein son med Hagar, og han kalla sonen som han hadde fått med henne, Ismael.
16. Abram var 86 år gamal då han fekk Ismael med Hagar.