Logo
🔍

Første Mosebok 20 N78NN

« Abraham og Sara i Gerar

1. Så flytte Abraham til Negev og slo seg ned mellom Kadesj og Sjur. Sidan heldt han til i Gerar.

2. Han sa om Sara, kona si: «Ho er syster mi.» Då sende Abimelek, kongen i Gerar, folk av stad og henta Sara.

3. Men om natta kom Gud til Abimelek i ein draum og sa til han: «No skal du døy, fordi du har teke denne kvinna; for ho er ei gift kone.»

4. Abimelek, som ikkje hadde vore nær henne, sa: «Herre, vil du då drepa rettferdige folk?

5. Sa han ikkje til meg at ho er syster hans? Og sjølv har ho sagt at han er bror hennar. Med skuldlaust hjarta og reine hender har eg gjort dette.»

6. Då sa Gud til han i draumen: «Ja, eg veit at du har gjort det med skuldlaust hjarta. Og det var eg som heldt deg frå å synda mot meg; difor lét eg deg ikkje røra henne.

7. Lat no mannen få att kona si, for han er ein profet. Så bed han for deg, og du får leva. Men gjev du henne ikkje frå deg, skal du vita at du må døy, både du og alle dine.»

8. Tidleg om morgonen kalla Abimelek til seg alle mennene sine og fortalde dei alt dette. Då vart mennene livande redde.

9. Så sende Abimelek bod etter Abraham og sa til han: «Kva er det du har gjort mot oss? Og kva vondt har eg gjort deg, sidan du har ført så stor ei synd over meg og riket mitt? Du har fare åt mot meg som ingen bør gjera.»

10. Og Abimelek sa til Abraham: «Kva meinte du med å gjera dette?»

11. Abraham svara: «Eg tenkte: Det finst visst ingen age for Gud på denne staden; dei kjem til å slå meg i hel for kona skuld.

12. Og så er ho då syster mi; ho er dotter til far min, men ikkje til mor mi. Og ho vart kona mi.

13. Då Gud lét meg fara ikring langt borte frå farshuset mitt, sa eg til henne: Såleis skal du syna din kjærleik til meg: Kvar vi kjem, skal du seia at eg er bror din.»

14. Så tok Abimelek både småfe og storfe og trælar og trælkvinner og gav Abraham, og lét han få att Sara, kona si.

15. Abimelek sa: «Her ligg landet mitt framfor deg. Slå deg ned kvar du vil!»

16. Og til Sara sa han: «Sjå, eg gjev bror din tusen sekel sølv. Det skal vera ei ærebot for deg mellom alle som er saman med deg, og dermed får du full oppreising.»

17. Abraham bad til Gud, og Gud lækte Abimelek og kona hans og trælkvinnene hans, så dei kunne få born att.

18. For Herren hadde stengt kvart morsliv i huset åt Abimelek etter det som hende med Sara, kona hans Abraham.

»