Første Mosebok 28 N78NN
1. Då kalla Isak Jakob til seg, velsigna han og sa til han: «Du skal ikkje ta deg ei kone mellom kvinnene i Kanaan!
2. Gjer deg ferdig og far til Mesopotamia, til huset åt Betuel, morfar din! Der skal du ta deg ei kone mellom døtrene til Laban, morbror din.
3. Måtte Gud Den Allmektige velsigna deg og la ætta di veksa og aukast, så du vert til ei samling med ætter.
4. Måtte han gje både deg og ætta di velsigninga åt Abraham, så du kan ta i eige det landet du no held til i, det som Gud gav Abraham.»
5. Så bad Isak farvel med Jakob, og han fór til Mesopotamia, til Laban Betuelsson, aramearen, som var bror til Rebekka, mor til Jakob og Esau.
6. Esau fekk vita at Isak hadde velsigna Jakob og sendt han til Mesopotamia for å henta seg ei kone der, og at han hadde velsigna han og sagt at han ikkje skulle ta seg ei kone mellom kvinnene i Kanaan.
7. Og Jakob hadde lydt far sin og mor si og fare til Mesopotamia.
8. Då Esau skjøna at Isak, far hans, ikkje lika dei kanaaneiske kvinnene,
Jakobs-draumen9. gjekk han til Ismael og tok Mahalat til kone attåt dei andre konene sine. Ho var dotter til Ismael, son til Abraham, og syster til Nebajot.
10. Jakob tok ut frå Be’er-Sjeba og gav seg på vegen til Karan.
11. Då sola var gladd, kom han til ein stad der han slo seg til for natta. Han tok ein av steinane der på staden, la han attom hovudet og la seg til å sova.
12. Då hadde Jakob ein draum. Han såg ein stige som stod på jorda og nådde opp til himmelen. Og sjå, Guds englar steig opp og ned i stigen.
13. Brått stod Herren framfor han og sa: «Eg er Herren, Gud åt Abraham, far din, og Gud åt Isak. Det landet du ligg i, vil eg gje deg og ætta di.
14. Ætta di skal verta som støvet på jorda. Du skal breia deg ut mot vest og aust, mot nord og sør, og i deg og di ætt skal alle ætter på jorda velsignast.
15. Sjå, eg vil vera med deg og verna deg kvar du fer, og føra deg attende til dette landet. For eg skal ikkje gå frå deg, men gjera det eg har lova deg.»
16. Då Jakob vakna or svevnen, sa han: «Sanneleg, Herren er på denne staden, og eg visste det ikkje!»
17. Og han vart forfærd og sa: «Kor ageleg han er, denne staden! Her er Guds hus, her er porten til himmelen.»
18. Morgonen etter stod Jakob tidleg opp. Han tok den steinen han hadde hatt attom hovudet, reiste han til ein minnestein og slo olje på han.
19. Han kalla staden Betel. Før heitte byen Lus.
20. Så gav Jakob denne lovnaden: «Vil Gud vera med meg og verna meg på denne ferda, vil han gje meg brød å eta og klede til å ha på meg,
21. og la meg koma vel heim att til farshuset mitt, så skal Herren vera min Gud.
22. Denne steinen som eg har reist til ein minnestein, skal vera eit Guds hus; og av alt du gjev meg, skal eg svara deg tiend.»