Logo
🔍

Første Mosebok 9 N78NN

« Guds pakt med Noah

1. Gud velsigna Noah og sønene hans og sa til dei: «De skal veksa og aukast og fylla jorda.

2. Otte og age skal dei kjenna for dykk, alle dyra på jorda, alle fuglane under himmelen, alt som rører seg på marka, og alle fiskane i havet; de skal ha rådvelde over dei.

3. Alt som lever og rører seg, skal vera til føde for dykk. Liksom eg gav dykk dei grøne plantene, gjev eg dykk no alt dette.

4. Men kjøt med blod i, det som livet er knytt til, skal de ikkje eta.

5. Berre for dykkar blod vil eg krevja hemn. Eg vil krevja både dyr og menneske til rekneskap. Eg vil krevja kvar mann til rekneskap når han tek livet av nesten sin.

6. Den som tek menneskeblod, hans blod skal menneske ta; for i sitt bilete ¬skapte Gud mennesket

7. Men de skal veksa og aukast, myldra på jorda ¬og verta mange der.»

8. Så sa Gud til Noah og sønene hans:

9. «No vil eg gjera ei pakt med dykk og etterkomarane dykkar

10. og med kvar levande skapning hjå dykk, både fuglar og fe og alle villdyr som er hjå dykk, alle som gjekk ut or arka, alle dyr på jorda.

11. Eg gjer mi pakt med dykk: Aldri meir skal alt som lever, tynast av storflaumen; aldri meir skal det koma ein flaum som legg jorda i øyde.»

12. Og Gud sa: «Dette er teiknet ¬på pakta eg skipar mellom meg og dykk og kvar levande skapning ¬som hjå dykk er, for ætter som kjem i alle tider:

13. Eg set bogen min i skyene; han skal vera eit teikn på pakta mellom meg og jorda.

14. Når eg samlar skyer over jorda, og bogen syner seg i skyene,

15. då skal eg koma i hug den pakta som er mellom meg og dykk og kvar levande skapning. Aldri meir skal vatnet verta til ein storflaum ¬som tyner alt liv.

16. Bogen skal koma i skyene; eg skal sjå han og minnast den pakta som alltid skal vera mellom Gud ¬og kvar levande skapning som rører seg på jorda.»

Noah og sønene hans

17. Gud sa til Noah: «Dette er teiknet på den pakta eg skipar mellom meg og alt liv som finst på jorda.»

18. Noah-sønene som gjekk ut or arka, var Sem, Kam og Jafet. Kam var far til Kanaan.

19. Desse tre var sønene til Noah, og frå dei breidde menneska seg ut over heile jorda.

20. Noah dyrka jorda, og han var den fyrste som planta ein vingard.

21. Då han drakk av vinen, vart han drukken og kledde seg naken inne i teltet.

22. Kam, far til Kanaan, fekk sjå far sin naken, og han gjekk ut og fortalde det til dei to brørne sine.

23. Då tok Sem og Jafet ei kappe og la over akslene sine. Så gjekk dei baklengs inn og breidde over far sin. Dei vende andletet bort, så dei ikkje såg far sin naken.

24. Då Noah vakna av rusen og fekk vita kva den yngste sonen hadde gjort mot han,

25. sa han: «Forbanna vere Kanaan, den ringaste trælen ¬for brørne sine!»

26. Og han sa: «Lova vere Herren, Sems Gud! Kanaan skal vera hans træl!

27. Måtte Gud ¬gjera Jafets land stort! Han skal bu i Sems telt, og Kanaan skal vera hans træl.»

28. Etter storflaumen levde Noah endå 350 år.

29. Heile levetida åt Noah vart 950 år. Så døydde han.

»