Logo
🔍

Profeten Habakkuk 1 N78NN

Klage over urettferd

1. Dette er dei domsord som profeten Habakkuk fekk i synene sine.

2. Kor lenge, Herre, skal eg ropa utan at du gjev meg svar, klaga og skrika til deg om vald utan at du frelser?

3. Kvifor lèt du meg sjå urett og vera vitne til ulukke? Eg ser berre øyding og vald, det kjem til strid og trette.

Guds straffedom ved kaldearane

4. Difor er lova maktlaus, og retten vinn ikkje fram. For gudlause kringset ¬dei rettvise, og dermed vert retten rengd.

5. Gjev akt på folka, sjå dykk om, mållause av undring! For ei gjerning gjer eg ¬i dykkar dagar – de ville ikkje tru det ¬om det vart fortalt!

6. Sjå, eg vekkjer kaldearane, det harde og framfuse folket, som fer så vide ikring på jorda og tek framande bustader ¬i eige.

7. Grufulle og skræmande er dei, dei avgjer sjølve sin rett ¬og si ære.

8. Deira hestar er raskare ¬enn leopardar, snøggare spring dei ¬enn steppeulvar. Deira hestfolk kjem ¬i strykande tan, deira ridehestar ¬frå land langt borte. Som ørna på jakt etter føde

9. kjem dei alle ¬og vil gjera valdsverk. Stridslystne går dei på, dei samlar fangar som sand.

10. Dei spottar kongar og har hovdingar til lått. Dei ler åt kvar festning, kastar opp ein voll ¬og tek henne.

Kvifor har du tol med dei trulause?

11. Så fer dei sin veg ¬og vert borte som vinden. Dei gjer sin eigen styrke ¬til sin gud.

12. Er ikkje du frå gamal tid, Herre, min heilage Gud, ¬du som aldri døyr? Du, Herre, ¬har sett dei til å straffa, du, vårt berg, ¬har sendt dei til å tukta.

13. Augo dine er for reine ¬til å sjå på det vonde, og ulukke orkar du ikkje ¬å skoda. Kvifor har du tol ¬med dei trulause og teier når gudlause sluker dei som er rettferdigare ¬enn dei sjølve?

14. Du gjer med mennesket ¬som med fisken i sjøen, som med kreket utan herre.

15. Dei dreg dei alle opp ¬med krok, og halar dei inn med not, dei samlar dei i garnet. Difor er dei jublande glade.

16. Difor ofrar dei til nota og brenner røykjelse ¬for garnet. For feit er fangsten ¬som desse gjev dei, og nærande er føda.

17. Skal dei då alltid få tøma nota og utan skånsel ¬gjera ende på folkeslag?

»