Logo
🔍

Profeten Habakkuk 3 N11NN

« Salme

1. Ei bøn av profeten Habakkuk. Som ein sjiggajon.

2. Herre, eg høyrde gjetord om deg, eg såg, Herre, det du har gjort. Ta det opp att i vår tid, gjer det kjent i vår tid! Hugs å visa miskunn sjølv om du er vreid!

3. Gud kjem frå Teman, Den heilage frå Paran-fjellet. Sela Hans herlegdom dekkjer himmelen, og lovsong til han fyller jorda.

4. Lysglansen er som ein soloppgang, strålar går ut frå hans hand. Der er styrken hans løynd.

5. Føre han går pest, i hans fotefar følgjer sott.

6. Han stansar og rister jorda, han ser og får folkeslag til å skjelva. Gamle fjell blir knuste, eldgamle haugar sig i hop. Han går på gamle vegar.

7. Eg ser Kusjans telt ramma av ulukke, og teltdukane i Midjan skjelv.

8. Er du harm på elvane, Herre? Logar din vreide mot elvane? Er det havet du er harm på når du rid fram på hestane dine og vognene dine gjev siger?

9. Du gjer bogen klar og legg pil etter pil på strengen. Sela Du kløyver jorda så elvar renn.

10. Fjella ser deg og skjelv, styrtregnet fossar ned, djupet lyfter røysta og lyfter handa mot det høge.

11. Sol og måne står stille i sin bustad når lyset frå pilene fer hit og dit, lysglansen frå ditt lynande spyd.

12. I harme skrid du fram over jorda, i vreide trampar du folkeslag ned.

13. Du dreg ut for å frelsa ditt folk, for å frelsa han du har salva. Du knuser overhovudet for huset til den urettferdige, kler av frå topp til tå. Sela

14. Med hans eigne piler gjennomborar du hovudet på krigarane hans. Dei stormar fram, vil driva meg bort, dei frydar seg som om dei skulle eta ein hjelpelaus som er i løynd.

15. Med hestane dine fer du over havet, dei veldige, brusande vatna.

16. Eg høyrde det, då skalv mitt indre, og leppene dirra ved lyden. Det kom verk i beina mine, føtene vakla under meg. Roleg ventar eg på at trengselsdagen skal koma over det folket som går til åtak på oss.

17. For fikentreet blømer ikkje, vinstokken ber ikkje frukt, olivenhausten slår feil, åkeren gjev ikkje mat, sauene er borte frå kvea, fjøset er tomt for fe.

18. Men eg vil fryda meg i Herren, jubla i Gud, min frelsar.

19. Gud Herren er min styrke. Han gjev meg føter som ei hind og lèt meg ferdast på høgdene. Til korleiaren. Med strengespel.