Profeten Habakkuk 3 N78NN
1. Ei bøn av profeten Habakkuk. Som ein klagesalme.
2. Herre, eg høyrde fråsegn ¬om deg og fekk age for ditt verk, ¬Herre. Gjer det opp att i vår eiga tid, gjer det kjent før tida er ute! Gløym ikkje å visa miskunn når du vert harm!
3. Gud kjem frå Teman, Den Heilage ¬frå Paran-fjellet. Sela Hans herlegdom er utbreidd ¬over himmelen, jorda er full av hans pris.
4. Glansen frå han er som ljoset, strålar går ut frå hans hand, og i dei er makta hans løynd.
5. Føre han går pesten, i hans fotefar fylgjer sott.
6. Han skrid fram, ¬og jorda rister, folkeslag skjelv ¬når han ser opp. Dei gamle fjella rivnar, eldgamle åsar sig i hop. Han går fram som i gamal tid.
7. Eg ser uhyggja kvila ¬over Kusjans telt, og teltdukane i Midjan skjelv.
8. Er du harm på elvane, Herre, logar din vreide mot dei, harmast du på havet, når du fer fram på dine hestar, på dine sigersvogner?
9. Du tek fram din boge og mettar han med piler ¬frå ditt pilehus. Sela Du kløyver jorda så elvar renn.
10. Fjella ser deg og skjelv, regnet fossar ned, havdjupet buldrar og brusar. Dei lyfter si hand ¬mot det høge.
11. Sol og måne er i sin bustad; dei rømer ¬for dine blinkande piler, for ditt lynande spyd.
12. I harme skrid du fram ¬over jorda, i vreide trakkar du folka ned.
13. Du dreg ut for å frelsa ditt folk, for å frelsa han du har salva. Du knuser taket ¬på huset åt den gudlause, legg grunnvollen berr ¬heilt ned på fjellet. Sela
14. Du renner spydet gjennom hovudet ¬på hans hovdingar, dei stormar fram, ¬vil driva meg bort, og gleder seg ¬som om dei i løynd skulle gjera ende ¬på ein stakkar.
15. Med hestane dine ¬fer du over havet, der veldige brenningar brusar.
16. Eg høyrde det, ¬då skalv min kropp, og lippene bivra ved lyden. Det kom verk i mine lemer, under meg skalv mine føter. Roleg ventar eg ¬på trengselsdagen, at han skal koma over ¬det folket som plyndrar oss.
17. For fikentreet blømer ikkje, og vintreet ber ikkje frukt. Olivenhausten slår feil, og markene gjev ikkje føde. Sauene er borte frå kvea, og fjøset er tomt for fe.
18. Men eg vil gleda meg i Herren, jubla over Gud, min frelsar.
19. Herren Gud er min styrke. Han gjev meg føter ¬som ei hind og lèt meg ferdast på høgdene. Til korleiaren. Med strengespel.