Logo
🔍

Hebreerbrevet 1 N78NN

Gud har tala gjennom Sonen

1. I fordoms tid tala Gud mange gonger og på mange måtar til fedrane gjennom profetane.

2. Men no, i desse siste dagar, har han tala til oss gjennom Sonen. Han har Gud sett til arving over alle ting, for ved han skapte han verda.

Sonen står over englane

3. Han er ei utstråling av Guds herlegdom og biletet av hans vesen, og han ber alt med sitt mektige ord. Då han hadde gjort reinsing for syndene våre, sette han seg ved høgre handa åt Majesteten i det høge.

4. Såleis vart han mykje større enn englane; for det namnet han har fått, er så mykje større enn deira.

5. For til kven av englane har Gud nokon gong sagt: Du er son min, eg har født deg i dag? Eller, som det òg står: Eg vil vera far hans, og han skal vera son min.

6. Men når han atter fører den fyrstefødde inn i verda, seier han: Alle Guds englar skal tilbe han.

7. Og om englane seier han: Han gjer englane sine til vindar, tenarane sine til logande eld.

8. Men om Sonen: Din kongsstol, Gud, ¬står i all æve, rettferds stav er din kongsstav.

9. Du har elska rettferd ¬og hata urett; difor, Gud, har din Gud ¬salva deg med fagnads olje ¬framfor dine frendar.

10. Og vidare: Du, Herre, ¬i opphavet grunnla du jorda, og himmelen er eit verk ¬av dine hender.

11. Dei skal gå til grunne, ¬men du vert verande. Dei skal alle eldast ¬som ein klednad;

12. du rullar dei saman ¬som ei kappe, dei vert utskifte som klede. Men du er den same, dine år tek aldri ende.

13. Til kven av englane har han nokon gong sagt: Set deg ved mi høgre hand til eg får lagt dine fiendar til skammel for dine føter?

14. Er dei ikkje alle ånder som tener Gud og vert utsende for å hjelpa dei som skal få frelsa?

»