Hebreerbrevet 13 N78NN
1. Lat kjærleiken til brørne haldast levande!
2. Gløym ikkje å vera gjestmilde, for på den måten har nokre, utan å vita det, hatt englar til gjester.
3. Kom i hug dei som er i fengsel, som om de var fangar saman med dei. Og tenk på dei som vert pinte og plaga; de har då ein lekam, de òg.
4. Ekteskapet skal haldast i ære av alle, og samlivet må ikkje skitnast til. For Gud vil døma dei som driv hor eller bryt ekteskapet.
5. Ver ikkje glade i pengar, men ver nøgde med det de har. For Gud har sagt: Eg slepper deg ikkje og går ikkje frå deg.
Leiarane i kyrkjelyden og den rette læra6. Difor kan vi vera trygge og seia: Herren er min hjelpar, ¬eg er ikkje redd. Kva kan eit menneske ¬gjera meg?
7. Kom i hug leiarane dykkar, dei som tala Guds ord til dykk. Tenk på korleis dei levde og døydde, og ta deira tru til føredøme!
8. Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja til evig tid.
9. Lat dykk ikkje riva med av allslags framande lærdomar. Det er godt at hjarta vert styrkt ved nåden, ikkje ved mat, for dei som held seg til dette, har ikkje hatt noko gagn av det.
10. Vi har vårt eige altar, og dei som gjer teneste i møteteltet, har ikkje rett til å eta frå det.
11. Øvstepresten ber blodet av offerdyra inn i heilagdomen til soning for synd, men kroppen vert oppbrend utanfor leiren.
12. Difor leid Jesus òg utanfor porten, så han kunne helga folket med sitt eige blod.
13. Lat oss då gå ut til han utanfor leiren og bera hans vanære.
14. For her på jorda har vi ingen verande by, men vi lengtar etter den som skal koma.
15. Lat oss då ved han alltid bera fram for Gud vårt lovprisingsoffer, det vil seia: frukt av lipper som lovar hans namn.
16. Men gløym ikkje å gjera godt og dela med andre. For slike offer er til hugnad for Gud.
Ynske og helsingar17. Ver lydige mot leiarane dykkar og rett dykk etter dei! For dei vaker over sjelene dykkar og skal ein gong gjera rekneskap. Sjå til at dei kan gjera det med glede, utan å sukka. Elles vert det ikkje til gagn for dykk.
18. Bed for oss! For vi veit at vi har eit godt samvit; vi vil då gjerne ferdast rett på alle måtar.
19. Serleg bed eg dykk å gjera dette, så de kan få meg att så mykje snarare.
20. Fredens Gud, han som førte den store hyrdingen for sauene, vår Herre Jesus Kristus, opp frå dei døde i kraft av ei evig pakts blod,
21. han gjere dykk skikka til alt som godt er, så de kan gjera hans vilje. Ja, gjev han ved Jesus Kristus får verka i oss det som er etter Guds gode vilje. Han skal ha ære i all æve! Amen.
22. Eg bed dykk, brør, ta vel imot desse orda som skal vera ei rettleiing for dykk. Eg måtte skriva så kort til dykk.
23. De skal vita at Timoteus, bror vår, er frigjeven. Kjem han snart, skal eg vitja dykk saman med han.
24. Helsa alle leiarane dykkar og alle dei heilage! Brørne frå Italia sender si helsing.
25. Nåden vere med dykk alle!