Logo
🔍

Hebreerbrevet 8 N78NN

« Prestetenesta i den himmelske heilagdomen

1. Hovudsaka i det vi her talar om, er dette: Ein slik øvsteprest er det vi har, og han har sett seg på høgre sida av Majestetens kongsstol i himmelen.

2. Der gjer han presteteneste i heilagdomen, i det sanne møteteltet, som ikkje er reist av menneske, men av Herren.

3. Kvar øvsteprest vert innsett til å bera fram gåver og offer. Difor må Kristus òg ha noko å bera fram.

4. Hadde han no vore på jorda, hadde han ikkje vore prest; for her er det andre som etter lova ber fram offergåvene.

Jesus er mellommann for ei ny pakt

5. Men dei gjer teneste ved eit telt som berre er ei etterlikning og ein skugge av det himmelske. Det ser vi av det ordet Moses fekk frå Gud då han skulle reisa møteteltet: «Sjå til at du gjer alt etter det førebiletet du fekk sjå på fjellet.»

6. Men no har Kristus fått ei mykje større presteteneste; for han er mellommann for ei pakt som er så mykje betre og kviler på betre lovnader.

7. For hadde det ikkje vore noko å utsetja på den fyrste pakta, hadde det ikkje vore grunn til å setja ei anna i staden.

8. Men Gud har noko å utsetja på henne når han seier til folket: Sjå, dagar skal koma, ¬seier Herren, då eg gjer ei ny pakt med Israels ætt og Judas ætt,

9. ei pakt som er annleis enn den eg gjorde ¬med fedrane deira den gongen eg tok dei i handa og førte dei ut or Egypt. For dei vart ikkje ståande ¬i mi pakt, og eg brydde meg ikkje om dei, ¬seier Herren.

10. Nei, såleis er den pakta ¬eg vil gjera med Israels folk i dagar ¬som kjem, seier Herren: Eg vil leggja mine bod ¬i hugen deira og skriva dei i hjarto deira. Eg vil vera deira Gud, og dei skal vera mitt folk.

11. Då skal ingen lenger læra sin landsmann og sin bror og seia: «Kjenn Herren!» For dei skal alle kjenna meg, både små og store.

12. For eg vil sjå på deira urett ¬med miskunn og aldri meir koma deira synder ¬i hug.

13. Når Gud talar om ei ny pakt, har han dermed sagt at den fyrste er forelda. Men det som vert gamalt og forelda, vert snart borte.

»