Logo
🔍

Hebreerbrevet 9 N11NN

« Gudstenesta i den gamle pakta

1. Den første pakta hadde òg sine forskrifter om gudsteneste, og ho hadde ein jordisk heilagdom.

2. Det var reist eit telt. Det fremste rommet blir kalla Det heilage. Der stod lysestaken og bordet og skodebrøda.

3. Bakom det inste forhenget var det eit anna rom som blir kalla Det høgheilage.

4. Det hadde eit røykjelsesaltar av gull og paktkista som var kledd med gull over det heile. I kista var det ei gullkrukke med manna, Arons stav som fekk friske skot, og pakttavlene.

5. Over kista var herlegdomskjerubane; dei la skuggen sin over soningsstaden. Dette kan vi ikkje gå nærare inn på no.

6. På denne måten var alt ordna. Det fremste rommet går prestane stadig inn i når dei gjer si teneste.

7. Men i det andre går øvstepresten inn åleine og berre ein gong om året, og aldri utan blod, som han ber fram for seg sjølv og for dei syndene folket har gjort utan å vita det.

8. Dermed viser Den heilage ande at vegen inn i heilagdomen ikkje har vorte openberra så lenge det fremste rommet enno står.

9. Dette er eit bilete på den tid som no er. Dei ber fram gåver og offer som ikkje kan gjera den som dyrkar Gud, fullkomen når det gjeld samvitet.

Kristi teneste som øvsteprest

10. Liksom forskriftene om mat og drikke og om alle slag reinsingar er dette berre ytre påbod: Dei skulle gjelda fram til tida då den rette ordninga vart innført.

11. Men Kristus er komen som øvsteprest for alt det gode vi no har. Han har gått gjennom det teltet som er større og meir fullkome, og som ikkje er laga av menneskehand, det vil seia: som ikkje høyrer til denne skapte verda.

12. Ikkje med blod av bukkar og kalvar, men med sitt eige blod gjekk han inn i heilagdomen éin gong for alle og kjøpte oss fri for evig.

13. Blodet av bukkar og oksar og oska av ei kvige gjer heilag og rein i det ytre når det blir dynka på dei ureine.

14. Kor mykje meir skal ikkje då Kristi blod reinsa samvitet vårt frå døde gjerningar, så vi kan tena den levande Gud. For Kristus har i kraft av ein evig Ande bore seg sjølv fram som eit feilfritt offer for Gud.

15. Difor er Kristus mellommann for ei ny pakt. Han døydde for å kjøpa oss fri frå lovbrota i den første pakta, så dei som er kalla, skal få den evige arven som var lova dei.

16. Når det ligg føre eit testamente, må det stadfestast at den som har oppretta det, er død.

17. Testamentet tek til å gjelda først når opphavsmannen døyr; det gjeld ikkje så lenge han lever.

18. Difor vart heller ikkje den første pakta oppretta utan blod.

19. For då Moses hadde kunngjort kvart bod i lova for alt folket, tok han blodet av kalvane og bukkane, saman med vatn, skarlaksraud ull og isop, og dynka både på bokrullen og på alt folket

20. og sa: «Dette er paktblodet; denne pakta har Gud fastsett for dykk.»

21. Like eins dynka han blod på teltet og på alle dei kar som vart nytta i gudstenesta.

22. Etter lova blir nesten alt reinsa med blod, og utan at blod blir utrent, finst det inga tilgjeving.

23. Så må dei då reinsast på denne måten, dei jordiske etterlikningane av det som er i himmelen. Men den himmelske heilagdomen må reinsast med betre offer enn desse.

24. For Kristus gjekk ikkje inn i ein heilagdom som er laga av menneskehand og berre er eit bilete av den sanne heilagdomen. Han gjekk inn i sjølve himmelen og stig no fram for Guds andlet for vår skuld.

25. Han gjekk heller ikkje inn for å bera fram seg sjølv som offer fleire gonger, slik øvstepresten kvart år går inn i heilagdomen med blod som ikkje er hans eige.

26. Då måtte han ha lide mange gonger heilt frå verda vart grunnlagd. Men no, ved endetida, har han stige fram éin gong for alle for å ta bort synda med sitt offer.

27. Slik alle menneske må døy éin gong og sidan koma for dommen,

28. slik er òg Kristus ofra éin gong for å bera syndene for dei mange, og så skal han andre gongen koma til syne, ikkje for synda si skuld, men for å frelsa dei som ventar på han.

»