Profeten Hosea 10 N78NN
1. Israel var eit frodig ¬vintre, som bar mykje frukt. Di meir frukt det bar, di fleire altar bygde dei. Di betre det gjekk deira land, di fagrare steinstøtter laga dei.
2. Hjarta deira er falskt, no skal dei få bøta. Herren skal bryta ned ¬deira altar og øydeleggja ¬deira steinstøtter.
3. Ja, no må dei seia: «Vi har ingen konge, for vi har ikkje hatt age ¬for Herren. Og kongen, ¬kva kan han gjera for oss?»
4. Dei har tala tome ord, svore falskt og gjort pakt. Domen renn opp ¬som giftige planter i åkerfòrene.
5. Dei som bur i Samaria, er redde for kalven ¬i Bet-Aven. Folket syrgjer over han, og prestane hans klagar, for hans herlegdom ¬er ført bort frå dei.
6. Kalven òg skal førast til Assyria som ei gåve til storkongen. Skam skal Efraim få, Israel skal verta til skammar på grunn av sine planar.
7. Kongen i Samaria skal kverva som ei treflis på vatnet.
8. Øydast skal Avens ¬offerhaugar, der israelittane synda. Torn og tistel skal veksa oppetter altara deira. Dei skal seia til fjella: ¬Gøym oss! og til haugane: Fall over oss!
9. Du har synda, Israel, ¬frå Gibeas dagar. Den gongen gjorde dei opprør. Skal då ikkje krigen ¬nå dei i Gibea? Eg vil koma ¬over ugjerningsmennene,
10. etter min hug vil eg tukta dei. Folkeslag skal samla seg ¬mot dei når dei vert tukta ¬for si doble skuld.
11. Efraim var lik ei tamd kvige som gjerne ville treskja. Men eg la åk ¬på hennar fagre hals. Eg spente Efraim føre, Juda pløgde, og Jakob horva.
12. Så rettferds sæde, og hausta truskaps frukt, bryt dykk nybrot! For no er det tid ¬til å søkja Herren, før han kjem og lèt rettferd regna over dykk.
13. De har pløgt ned vondskap ¬og hausta urett, og den frukta de et, er lygn. For du sette lit til di ferd og til alle dine krigarar.
14. Difor skal det reisa seg stridsgny i ditt folk, og alle dine borger ¬skal øydeleggjast, liksom Sjalman ¬øydela Bet-Arbel på stridens dag, ¬då mor og born vart knuste.
15. Såleis vil eg gjera med dykk ¬i Betel fordi dykkar vondskap er stor. Når det ljosnar av dag, er det ute, ja ute ¬med Israels konge.