Logo
🔍

Profeten Hosea 11 N78NN

« Guds kjærleik til Israel

1. Då Israel var ung, ¬fekk eg han kjær, frå Egypt kalla eg son min.

2. Men di meir eg ropa på folket, di meir gjekk dei bort frå meg. Dei ofra til Ba’al-gudane, brende offer for gudebilete,

3. – endå eg lærte Efraim å gå og tok dei på armane mine; men dei skjøna ikkje ¬at eg lækte dei.

4. Eg drog dei med milde band, ja, med kjærleiks taumar. Eg stelte med dei ¬liksom bonden som lyfter åket frå nakken; eg bøygde meg ned ¬og gav dei mat.

5. Dei skal ikkje koma attende ¬til Egypt, men Assur ¬skal vera kongen deira, for dei vil ikkje venda om.

6. Sverdet skal rasa i byane deira, bryta sund bommane ¬og eta om seg, for deira planar er vonde.

7. Mitt folk heng fast ¬ved sitt fråfall frå meg. Dei ropar alle til Den Høge, men han reiser dei ikkje opp.

8. Korleis kan eg gje deg opp, ¬Efraim, la deg fara, Israel? Korleis gje deg opp som Adma, gjera med deg ¬som med Sebojim? Hjarta vender seg i meg, all min medynk vaknar.

9. Eg vil ikkje fylgja ¬min brennande vreide, vil ikkje atter tyna Efraim. For eg er Gud ¬og ikkje eit menneske, heilag midt imellom dykk; eg vil ikkje koma med harme.

10. Dei skal halda seg til Herren. Han skal brøla som ei løve. Og når han brøler, ¬skal sønene hans koma skjelvande frå vest.

11. Skjelvande skal dei koma som ein fugl frå Egypt, som ei due frå Assur. Eg vil la dei bu i husa sine, lyder ordet frå Herren.

»