Logo
🔍

Profeten Hosea 12 N78NN

« Herren vil straffa Jakob for hans ferd

1. Efraim omringar meg ¬med lygn, Israels ætt med svik. Juda held ikkje fast ved Gud, han som er heilag og trufast.

2. Efraim trår etter vind, jagar heile dagen ¬etter austavind. Dei hopar opp lygn og vald. Dei gjer pakt med Assur og fører olje til Egypt.

3. Herren fører sak med Juda, han vil straffa Jakob ¬for hans ferd, gje han att for det han har gjort.

4. I mors liv heldt han bror sin ¬i hælen, i sin manndom ¬stridde han med Gud,

5. han stridde med engelen ¬og vann. Han gret og bad om nåde. I Betel møtte han Gud – der talar han med oss.

6. Herren, Allhærs Gud, Herren er hans namn.

7. Men du skal venda om ¬til din Gud. Hald fast på truskap og rett, set alltid di von til din Gud!

8. Kræmarfolket har falske vekter ¬i handa, det likar å gjera urett.

9. Efraim seier: «Eg har då vorte rik, eg har fått meg eigedom! Med alt mitt strev ¬har eg ikkje vorte skuldig i noko som er synd.»

10. Eg er Herren din Gud, heilt frå du var i Egypt. Enno vil eg la deg bu i telt som den gongen eg møtte deg.

11. Eg tala til profetane. Eg lét dei få syner i mengd og tala i likningar gjennom dei.

12. Er Gilead fullt av misgjerning, så skal dei verta til inkjes. Ofrar dei oksar i Gilgal, skal deira altar ¬verta som steinrøysar langsmed åkerfòrene.

13. Jakob rømde til Aram-landet, Israel tente for ei kone, for å få seg ei kone gjætte han.

14. Ved ein profet førte Herren Israel opp frå Egypt, og ved ein profet vakta han dei.

15. Beisk harme har Efraim vekt. Herren skal la hans blodskuld koma over han sjølv og gje han att for hans spott.

»