Logo
🔍

Profeten Hosea 14 N78NN

« Eg vil lækja deira fråfall

1. Samaria skal bøta, fordi folket i byen ¬var trassig mot sin Gud. Dei skal falla for sverd, deira småborn skal knusast, og kvinnene som ventar barn, skal skjerast opp.

2. Vend om, Israel, ¬til Herren din Gud, for synda di har ført deg til fall.

3. Kom med dei rette ord, vend om til Herren og sei: «Tilgjev all vår skuld, og ta imot vår gode gåve, så gjev vi deg lovsong ¬med våre lipper!

4. Assur kan ikkje hjelpa oss. Vi vil ikkje ri på hestar og ikkje lenger seia: Vår gud! til det våre hender har gjort. Hjå deg finn den farlause ¬miskunn.»

5. Eg vil lækja deira fråfall, og eg vil elska dei av hjarta, for vreiden min har vendt seg ¬frå dei.

6. Eg vil vera som dogg for Israel; han skal bløma som ei lilje og røta seg som trea ¬på Libanon.

7. Hans renningar ¬skal breia seg utover, han skal vera fager ¬som oliventreet og anga som skogen ¬på Libanon.

8. Atter skal dei bu ¬i min skugge, endå ein gong ¬skal dei dyrka korn. Dei skal bløma som eit vintre, få ry som vinen frå ¬Libanon.

9. Kva skal Efraim ¬med avgudar meir? Eg vil bønhøyra han ¬og sjå til han. Eg er som ein grøn sypress, frå meg skal frukta di koma.

10. Kven er så klok ¬at han skjønar dette, så vitug ¬at han merkar seg det? Ja, Herrens vegar er rette, dei rettferdige ferdast ¬på dei, men illgjerdsmennene ¬snåvar.