Logo
🔍

Profeten Hosea 4 N78NN

« Herrens klagemål mot eit trulaust folk

1. Høyr Herrens ord, ¬de Israels søner! Herren har sak med dei ¬som bur i landet. For det er inga sanning i folket og ingen truskap ¬og gudskjennskap.

2. Dei sver og lyg, myrdar og stel, bryt ekteskapet og fer ¬med vald; mord fylgjer på mord.

3. Difor skal landet visna, og alle som bur der, ¬tærast bort; både dyra på marka ¬og fuglane i lufta, jamvel fisken i havet ¬skal rydjast ut.

4. Ingen skal klaga ¬eller refsa nokon. Folket ditt liknar dei ¬som trettar med ein prest.

5. Du skal falla om dagen, og profeten skal falla ¬med deg om natta; og mor di vil eg tyna.

6. Folket mitt skal gå til grunne fordi det ikkje kjenner Gud. Sidan du har vraka ¬kjennskapen til han, vrakar eg deg som prest. Du gløymde lova åt din Gud, difor gløymer eg òg ¬dine søner.

7. Så mange dei er, ¬har dei synda mot meg, si ære bytte dei bort i skam.

8. Dei lever av mitt folks synd og lengtar etter deira ¬misgjerning.

9. Difor går det presten ¬som folket; eg vil straffa han for hans ferd og løna han ¬for hans gjerningar.

10. Dei skal eta og ikkje mettast, driva utukt og ikkje auka i tal; for dei har vendt seg bort ¬frå Herren og bryr seg ikkje om han.

11. Utukt, vin og annan rusdrikk gjer ende på vitet.

12. Folket mitt spør si trestøtte ¬til råds, og spådomsstaven ¬gjev dei svar. For ei utuktsånd ¬har ført dei vilt, i truløyse har dei falle ¬frå sin Gud.

13. Øvst oppå fjella ofrar dei; dei brenner offer på haugane, under eiker, poplar ¬og terebinter, for skuggen av dei er god. Difor driv døtrene ¬dykkar utukt, og sonekonene ¬bryt ekteskapet.

14. Eg vil ikkje straffa ¬døtrene dykkar fordi dei driv utukt, eller sonekonene ¬fordi dei bryt ekteskapet; for mennene gøymer seg bort ¬med horkvinner og ofrar saman ¬med tempelskjøkjer. Det folket som ikkje har vit, ¬skal falla.

15. Om du driv utukt, Israel, må ikkje Juda føra skuld ¬over seg! Gå ikkje til Gilgal, far ikkje opp til Bet-Aven, og sver ikkje: ¬«Så sant Herren lever!»

16. For Israel er trassig ¬som ei ustyrleg ku. Skal då Herren la dei beita som lam på vide marker?

17. Efraim er bunden ¬til gudebilete – lat han berre fara!

18. Når deira drikkelag er slutt, går dei bort og driv utukt. Dei elskar skamma ¬åt dei skamlause.

19. Ein storm skal gripa dei ¬med sine venger, dei skal verta til skammar ¬med sine offer.

»