Logo
🔍

Profeten Hosea 5 N11NN

« Dommen gjeld dykk

1. Høyr dette, de prestar, og lytt, du Israels hus, du kongehus, vend øyret til! Dommen gjeld dykk! For de har vorte ei snare for Mispa, eit utspent nett på Tabor

2. og ei djup fallgrav i Sjittim. Men eg vil tukta dei alle.

3. Eg kjenner Efraim, og Israel er ikkje løynt for meg. For no har du drive hor, Efraim, Israel har gjort seg urein.

4. Gjerningane deira hindrar dei frå å venda om til sin Gud. For dei har ei horeånd i seg, og Herren kjenner dei ikkje.

5. Israels hovmod vitnar mot han. Israel og Efraim skal snubla i si skuld. Juda òg skal snubla med dei.

6. Når dei kjem med sitt småfe og storfe for å søkja Herren, finn dei han ikkje. Han har vendt seg bort frå dei.

Herren er som ei løve

7. Dei har vore trulause mot Herren, for dei har fått born som ikkje er hans. No skal nymånen eta opp både dei og det dei eig.

8. Lat hornet gjalla i Gibea, blås i trompet i Rama, lyft hærrop i Bet-Aven! Dei er etter deg, Benjamin!

9. Efraim skal leggjast øyde den dagen straffa kjem, mellom Israels stammar har eg kunngjort det som står fast.

10. Judas stormenn liknar slike som flytter grensesteinar, over dei vil eg ausa ut harmen min som vatn.

11. Efraim er undertrykt, retten er knust, for han gav seg til å følgja det som ingenting er.

12. Eg er som møll for Efraim, som ròte for Judas hus.

13. Og Efraim såg sin sjukdom og Juda sitt sår. Då gjekk Efraim til Assur og sende bod til storkongen. Men han kan ikkje gjera dykk friske og ikkje lækja dykkar sår.

14. Sanneleg, eg er som ei løve mot Efraim, som ei ungløve mot Judas hus. Eg, eg riv sund og går min veg, eg sleper bort, og ingen bergar.

15. Eg vil venda attende til min stad til dess dei erkjenner si skuld og søkjer mitt andlet. I si naud skal dei leita etter meg.

»